Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Pårørandeskulen - hausten 2026

Pårørandeskulen sine mål

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Du møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar.
  • Gje innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover, og korleis ein kjem i kontakt med hjelpeapparatet.
  • Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.

På pårørandeskulen legg vi vekt på openheit i trygge omgjevnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli verande mellom deltakarane.

Informasjon

Arrangør: Demensnettverket i Hallingdal

Pårørandeskulen er eit samarbeid mellom alle kommunane i Hallingdal.

  • For deltakarar frå Hol, Ål, Hemsedal og Gol møtest vi i kommunestyresalen på Gol.
  • For deltakarar frå Flå er oppmøte på Solgløtt dagsenter.
  • For deltakarar frå Nesbyen er oppmøte på Kaffistugu (over biblioteket).

Kurset har tre samlingar frå kl. 17.00 til 21.00 med følgjande tema:

Datoar og tema

19. oktober

  • Sjukdomslære ved lege.
  • Kommunikasjon med personar med demens ved Kari Fossli.

26. oktober

  • Pasient- og brukarombodet, framtidsfullmakt.
  • Velferdsteknologi og hjelpemiddel ved Åse Ingunn Midtgård.

2. november

  • Pårørandehistorie ved Tore Bøygard.
  • Endringar i parforholdet og familierelasjonar. Ulike sorgreaksjonar ved tap av relasjon ved diakon Børge Bekkestad.
  • Eigenomsorg og livsmeistring for pårørande ved Ragna Torkelsgard.

Det vert enkel servering på alle kurskveldane.

Påmelding

Demenskontakt i Flå:
Kristin Gullingsrud
Kristin.gullingsrud@flaa.kommune.no
Tlf. 977 04 488

Demenskontakt i Nesbyen:
Lise Tragethon
Lise.tragethon@nesbyen.kommune.no
Tlf. 902 70 721

Demenskontakt i Gol kommune:
Mona Søgnen
Mona.sognen@gol.kommune.no
Tlf. 482 59 593

Demenskontakt i Hemsedal:
Kristin Margrethe Aas
kristin.margrethe.aas@hemsedal.kommune.no
Tlf. 902 85 262

Demenskontakt i Ål:
Hilde Mari Kolbjørnsgard
Hilde.mari.kolbjornsgard@aal.kommune.no
Tlf. 959 92 763

Demenskontakt i Hol:
Kirsti Hagerup Birkelid
Kirsti.Hagerup.Birkelid@hol.kommune.no
Tlf. 971 75 061

Gje beskjed om kor mange som kjem, og om det er behov for avlasting.

Dagsenteret ved Gol helsetun er ope alle kveldane dersom det er behov for avlasting for personen med demens.

Sist endret: 17.09.2026