Om Pårørandekonferansen 2025
«Saman er vi mindre aleine»
Ein digital konferanse for pårørande og fagpersonane som møter dei
Einsemd er ei av dei største utfordringane for pårørande. Pårørande kan sjølv bli sjuke dersom dei ikkje varetakast. Samtidig opplever fagpersonar ofte å stå aleine i arbeidet sitt. Begge grupper har behov for arenaer der dei kan møtast, utveksle erfaringar og få fagleg påfyll.
Årets Pårørandekonferanse rettar søkelyset mot korleis vi kan styrke godt samarbeid og god samhandling mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta. Vi belyser korleis vi saman kan gjere belastninga mindre og føle oss mindre aleine.
Konferansen er for deg som er:
- Pårørande
- Fagperson
- Leiar
- Politikar
- Brukarrepresentant i organisasjon eller råd
Program
- Del 1: Kva er nytt frå myndigheitene si side?
- Del 2: Å vere pårørande i arbeidslivet
- Del 3: Barn som pårørande
- Del 4: Nytt og nyttig rundt i landet
Fullt program med alle punkter finn du her (parorendesenteret.no)
Du kjem til å høyre frå desse med fleire
Unn Birkeland
Dagleg leiar ved Pårørendesenteret
Konferansen leiast av Birkeland som er utdanna sjukepleiar og har ei mastergrad i leiing. Ho er dagleg leiar i Stiftelsen Pårørendesenteret og har i tillegg roller som kommunepolitikar, meddommar og styremedlem i fleire styrer.
Else Kåss Furuseth
Standupkomiker og programleiar
Else er ein av Noregs mest profilerte komikarar. Ho er kjend frå ei rekke tv-program og fekk svært god respons på framsyninga si Kondolerer der ho fortel om livet etter at ho som 11-åring mista mora, og som 28-åring mista broren. Begge valde å ta livet sitt.
Kari Bremnes
Artist
Møt Bremnes i song og samtale. Ho er kjend for musikk som er nordvendt, europeisk, stor, personleg og melankolsk. Ho har skrive songar i 35 år og gitt ut 18 soloalbum, og har eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt til både konsertar og album.
Påmelding
Meld deg på her (hallingdal.no)*
* Påmeldinga er for alle, sjølv om han ligg under fagkurs for tilsette