Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

På hjul for barna

Onsdag er det Gol som er den store staden! Her vil ordførar Heidi Granli vere saman med oss på stand og sporty som ho er, sykle vidare med oss, retning Nesbyen.

Denne dagen vil sannsynlegvis også NRK Buskerud komme. Dette blir ekstra spennande. Om fleire vil vere med å sykle nokre meter, vêr hjarteleg velkomne!

Målet er i samarbeid med barnevernssamarbeidet å rekruttere fleire fosterheim i Hallingdal og promotere SOLID kur sin oppstart for dei som vurderer å bli fosterheim, i Gol i oktober.

Dersom eit barn/ungdom er i behov av ein fosterheim, og det då har moglegheit til å fortsette å bu i same kommune, vil det for dei fleste gjere overgang betre og krisa noko mindre.

Det er ikkje så vanskeleg å førestille seg: tenk dersom ein sjølv måtte flytte, så ville ein gjerne bli buande i nærleiken av vennar og dei aktivitetar ein har i kvardagen, og sleppe starte alt på nytt. Derfor held vi høgt fokus på å rekruttere i barnas nærmiljø.

Vennleg helsing
Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetaten, region sør.

SoMe-1080x1080_f7eff81a96101.png

FOSTERHEIMER FOR HALLINGDAL BARNEVERNSTENESTE

Fosterheim er private heimar som varetek omsorga for born etter vedtak frå barnevernet eller barneverns- og helsenemnda. Fosterforeldre tek altså vare på born som av ulike grunnar ikkje kan bo saman med foreldra sine.

Fosterforeldra skal ha:

  • evne, tid og overskot til å gje born
  • ein trygg og god heim. ein stabil livssituasjon, stabil økonomi, gode samarbeidsevner, alminneleg god helse og god vandel
  • være trygg, varm, robust, raus og fleksibel
  • både ynskje og kunne tilby god omsorg og oppfølging til born som står i ein vanskeleg situasjon

Ein kan være einsleg, sambuande eller gift, i heterofile eller homofile parforhold. Ein kan være ung eller moden, kan ha heimebuande born, utflytta born, eller aldri ha hatt born.

Det er behov for fosterheimar frå ulike bakgrunnar, livssyn og kulturar, og med ulike personlegdomar, eigenskapar og interesser. Fosterforeldre er alle slags menneske på godt og vondt, med følelsar, ressursar og avgrensingar.

Mange blir fosterheim for barn de allereie kjenner. Det kan være at foreldra har spurt dei, at barnevernteneste har spurt dei, eller at dei sjølv har bedt om å bli vurdert som fosterheim for eitt eller fleire born. Andre tar kontakt med barnevernteneste eller statleg barnevern (Bufetat) fordi de ønsker eller vurderer å bli fosterheim for barn de ikkje kjenner.

Kurs – opplæring

  • Alle med ynskje om å bli fosterheim blir anbefalt å delta på Solid-opplæringen til Bufetat (opplæring og godkjenning)
  • Nyetablerte fosterheimar får veiledning frå Hallingdal barnevernsteneste i startfasen.
  • Alle fosterheimar får tilbod om å delta i Traumebevisst opplæring for fosterhjem (TBO-F). Dette består av åtte samlinger.
    Etter ferdig opplæring går denne gruppa over til å bli eigen veiledningsgruppe med fast rettleiar.

Kompensasjon for fosterheimar

  • Fosterheimsoppdraget gis kompensasjon på 1 ks grunnstøtte + 1 ks utgiftsdekning. (Kommunale satser)
  • Nyetablerte fosterheimar blir frikjøpt ut frå vurderinger om barnets behov.
    Det vil si at den frikjøpte fosterforeldren får forsterkning basert på lønn den mottek i arbeidslivet.
  • Fosterforeldre er oppdragstagere og mister dermed tjenestepensjon.
    Det gis 5% på forsterkning for kompensasjon for dette.

Oppfølging frå Hallingdal barnevernsteneste

  • Hallingdal barnevernsteneste har minst 4 oppfølgingsbesøk i året.
  • Det skal gjennomførast samtaler med fosterheimen og barnet.
  • Biologiske barn i fosterheimen gis anledning å snakke med barnevernet.
  • Tilsynsførar skal ha minst 4 tilsynsbesøk i året.
  • Barnevernet følger opp fosterheim via telefonsamtaler.
  • Barnevernet deltek i møter med skule, barnehage og andre samarbeidsinstanser.
  • Dersom det vurderast som barnets beste kan det tilbys besøksheim eller annan form for avlastning.

image1mw7k.png

Sist endret: 30.06.2026