Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Omkledingsbygg på Mobrua

UngInvest byggjer omkledingsbygg på Mobrua (Glitre friluftsområde).

Bygging av omkledingsbygg på MobruaBygging av omkledingsbygg på Mobrua

Dette er eit samarbeid mellom UngInvest og Gol kommune. Frå og med skuleferien er omkledingsbygget ferdig bygd, og vert med dette eit tilbod til alle besøkande på friluftsområdet vårt på Mobrua.

Tiltaket er finansiert frå Buskerud fylkeskommune etter søknad om midlar til tiltak i statleg sikra friluftsområde.
Les meir om dette her: Naturbase faktaark

Gol kommune takkar dei involverte frå Unginvest for all innsats og arbeid! Ei stor takk vert òg retta til kommunens eigne vaktmestarar for god koordinering og innsats.

Sist endret: 08.05.2025