Frå 1.juni i år blir Utbyggingsavdelinga og Landbruk og miljø slått saman til ei avdeling som får namnet Plan og utvikling.
Den nye avdelinga får ansvar for eit breitt arbeidsfelt som omfattar arealplanlegging, byggesak, kart og oppmåling/matrikkel, landbruk (jord- og skogbruk), næring, miljø og klima.
Samfunn og utvikling vil etter endringa ha 3 avdelingar:
- Plan og utvikling
- Kommunalteknisk avdeling
- Eigedomsavdeling