Ungdomsrådet i Gol har gitt nytt liv til vestibylen i samfunnshuset – no som ein uformell møtestad for ungdom.
Med støtte frå Sparebankstiftinga DNB og Sparebankstiftinga Hallingdal er rommet oppgradert med brukte designmøblar av høg kvalitet. Det gir både lågare klimafotavtrykk, lengre levetid og meir verdi for pengane.
Her har ungdom sjølve vore med på å bestemme kva som trengst – og resultatet er ein stad der ein kan:
- vere saman utan kjøpepress
- slappe av og henge
- gjere skulearbeid i hyggelege omgivelser
Frå lite brukt areal til ein levande møteplass – og eit godt døme på korleis gjenbruk og smarte val kan gi både miljøgevinst og betre tilbod lokalt.
– «Veldig gøy at møblar kan endre bruken av eit rom så drastisk,» seier arkitekt Pernille Landrø.

