Måndag – torsdag
- 08:00-11:00
- 12:00-16:00
Ved asfaltering vil vegen bli stengt i lengre perioder, dette kjem vi tilbake til når vi har fått prosjektert ferdig med asfaltleverandør.
Vi ber om forståing for dette og håper det ikkje byr på store utfordringar desse vekene.
Vi forstår at dette kan medføre noko ulempe i kvardagen, men vi håper på forståing for at dette tiltaket har fleire klare fordelar:
- Prosjektet går raskare – Med tydelege arbeidstider får entreprenørane jobbe meir effektivt, og vegen blir ferdigstilt tidlegare enn ved meir avgrensa framkomsttilhøve.
- Meir veg for pengane – Ved å organisere arbeidet på denne måten sparer vi både tid og pengar. Det gir betre utnytting av ressursane og eit meir kostnadseffektivt prosjekt.
- Miljøvennleg løysing – Færre stopp og mindre venting for maskiner og køyretøy betyr også lågare utslepp og mindre miljøbelastning.
Vi takkar for tolmodet og samarbeidet i anleggsperioden – saman får vi ein betre og tryggare veg, på kortare tid.