Sparebankstiftelsen Hallingdal har kjøpt inn termografisk kamera til Bærekraft Hallingdal, og dette kameraet skal gå på rundgang til biblioteka i Hallingdal. No kan du låne det på Gol bibliotek, og me håpar mange vil nytta seg av tilbodet. Derfor har me sett lånefrist på tre dagar, og hentefristen er ein dag.
Alle med hentestad Gol bibliotek kan reservere kameraet på nettsida vår www.hallingdalsbiblioteka.no, men dersom du har hentestad på eit anna bibliotek får du ikkje reservert det på nett.
Ta gjerne kontakt med oss på telefon 90287526 eller e-post
gol.bibliotek@gol.kommune.no dersom du vil låne kameraet.