Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Velkommen til folkefest i Gol. Kronprinsparet besøker Gol tysdag 23. september kl. 10.00-12.00

Gol kommune har den store gleda av å ynskje Kronprinsparet velkommen til hjarta i Hallingdal, Gol!

Alle innbyggjarar er hjarteleg velkomne til arrangementet ved tusenårsparken, øvre del av sentrumsparken. Me håpar så mange som mogleg vil møte opp og væra med på feiringa. Det blir eit mangfaldig program med innslag frå barn frå kulturskulen og unge, lokale artistar.

Me vil oppfordre alle i Gol til å heise flagget denne dagen og bidra til å skape ei fin ramme rundt besøket. Dei som har lyst må gjedne bruke festkleda sine.

 

PROGRAM

kl. 10:00 – 10.30: Offisiell velkomst ved konfransierar, ordførar og kronprisen samt kulturprogram med musikk, dans og folketradisjon.

Møter med representantar frå Gol gjennom ulike tema;

  • Oppbygging av uorganiserte møteplassar
  • Sosiale fellesskap
  • Alternative vegar gjennom utdanning
  • Husflid og tradisjonshåndverk

kl. 12:00: Avslutning og avreise

Heile besøket blir filma og tilgjengeleggjort på KommuneTV og til bebuarar på Helsetunet og omsorgsboligar. 

 

Foto: Det kongelige hoff

Sist endret: 15.09.2025