Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kjeldesortering av klær og tekstilar

Frå 1. januar 2025 blir det innført nye krav til kjeldesortering og materialgjenvinning av tekstilar.

To bileter av eit heilt og eit øydelagt tekstil

Nordmenn kastar årleg 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet, noko som kan føre til klimagassutslepp. Brukbare klede kan leverast til Fretex, medan øydelagde går til gjenvinning. For å redusere avfallet, er det viktig å redusere forbruket, velje kvalitet, og reparere det ein har.

  • Kva er brukbare klede og tekstilar?
  • Rene og tørre klede og tekstilar som er heile eller lett å reparere – leverast i knytt pose som klede og tekstilar på gjenvinningsstasjonen. 
  • Kva er øydelagde klede og tekstilar?
  • Rene og tørre klede og tekstilar som er utslitne, hullete, har synlege flekker som ikkje går bort, eller som av andre årsaker ikkje kan brukast om igjen til same formål – leverast i knytt pose som klede og tekstilar på gjenvinningsstasjonen 
    Kleda og tekstilar som er skitne og/eller våte – leverast som restavfall på gjenvinningsstasjonen
  • Kva er øydelagde sko?
  • Øydelagde, tilgrisa, våte eller einslege sko som ikkje kan brukast som dei er – leverast som restavfall
  • Kva er brukbare sko?
  • Rene og tørre sko i par som er heile og kan brukast som dei er – leverast til Fretex

Meir informasjon finn du på hallingdalrenovasjon.no

Sist endret: 10.02.2025