Nordmenn kastar årleg 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet, noko som kan føre til klimagassutslepp. Brukbare klede kan leverast til Fretex, medan øydelagde går til gjenvinning. For å redusere avfallet, er det viktig å redusere forbruket, velje kvalitet, og reparere det ein har.
- Kva er brukbare klede og tekstilar?
 
- Rene og tørre klede og tekstilar som er heile eller lett å reparere – leverast i knytt pose som klede og tekstilar på gjenvinningsstasjonen.
 
- Kva er øydelagde klede og tekstilar?
 
- Rene og tørre klede og tekstilar som er utslitne, hullete, har synlege flekker som ikkje går bort, eller som av andre årsaker ikkje kan brukast om igjen til same formål – leverast i knytt pose som klede og tekstilar på gjenvinningsstasjonen 
Kleda og tekstilar som er skitne og/eller våte – leverast som restavfall på gjenvinningsstasjonen 
- Kva er øydelagde sko?
 
- Øydelagde, tilgrisa, våte eller einslege sko som ikkje kan brukast som dei er – leverast som restavfall
 
- Kva er brukbare sko?
 
- Rene og tørre sko i par som er heile og kan brukast som dei er – leverast til Fretex