Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Inovation Cup

9.trinn jobbar med Inovation Cup desse vekene. Elevbedriftene skal utvikle nye produkt eller vidareutvikle eit eksisterande produkt. Onsdag 15.januar skal dei presentere produktet sitt for ein jury. Dei tre beste går vidare til delfinale i Mjøndalen i veke 8.

Måndag jobba elevane med gallerivandring. Her skulle dei notere ned problem/utfordringar innanfor tema plast/forbruk/sosialt/mental helse. Deretter diskuterte dei gruppevise moglege løysingar og tankar rundt eit av utfordringane dei henta frå plakatane. 

Tysdag var det rettleiing og gode råd frå to flotte damer frå Sparebank 1 i tillegg til sjølvaste ordføraren. Ein spennande og lærerik dag for elevane kor dei fekk øvd seg på presentasjon og marknadsføring av ideen sin!

Nå blir det jobba med etablering og førebuingar til jurybedømming. 

Her er det mange framtidige gründerar med gode idear som er kreative og berekraftige!

Bilete av elevar under Inovation Cup Bilete av elevar under Inovation Cup Bilete av post-it lappar Bilete av post-it lappar Bilete av post-it lappar Bilete av post-it lappar Bilete av elevar under Inovation Cup Bilete av elevar og ørdføraren under Inovation Cup Bilete av elevar under Inovation Cup Bilete av elevar under Inovation Cup Bilete av elevar under Inovation Cup

Sist endret: 09.01.2025