Er du hytteeigar/hytteleigar? Eller kanskje begge? Då er du ein hyttegoling!
Velkommen til hyttemøte
for hyttegolingar!
Gol kommune inviterer til sitt årlege hyttemøte laurdag 3. oktober 2026 kl. 16.00 på Oset Fjellhotell på Golsfjellet.
Du møter:
- Ordførar
- Representantar frå samfunns- og byggingsavdelinga
- Representantar frå helse- og omsorgsavdelinga
- Hallingdal Renovasjon
- Visit Gol
- Golsfjellet Utmarkslag
- Hallingdal Brann- og Redningsteneste.
Det blir ei kort orientering frå alle og moglegheit for å stille spørsmål og koma med innspel. Enkel servering.
Vel møtt alle hyttegolingar!