Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Hallinghygge

Regionalt program for bu og blilyst i Hallingdal har gitt tilskot til alle kommunar i Hallingdal for å opprette «Hallinghygge», ein lågterskel møteplass for innbyggarar i Hallingdal.

Bilete av tre blide personar som pratar.

Her skal kommunane gjennom våren opprette arrangement med mål om å skape nye møteplassar for dei som ønsker å treffe nye og gamle venner. Ei viktig målgruppe er nye tilflyttarar til Hallingdal, men alle er sjølvsagt like velkomne! Hallinghygge skal vere ein arena der ein møtest på tvers av etablerte vennegjengar og faste møteplassar.

Det er opp til kvar enkelt kommune om kva dei ønsker å gjere ut av tiltaket, men alle kommunane har forplikta seg til å gjennomføre minimum to hallinghygge-treff påla første halvår 2025. I nokre kommunar er det bulystgruppa som arrangerer i andre kommunar kan det vere organisert annleis.

Er du nysgjerrig på kva Hallinghygge er, følg sidan Hallinghygge på Facebook. Dette er kanalen der arrangementa blir posta og delt vidare til andre lokale Facebook-sider. Her vil ein få opp alle arrangementa frå kvar kommune slik at ein enkelt kan få informasjon om kva som skjer i nabokommunane vel som i eigen kommune.

Ei viktig hjelp i marknadsføringa er om nettopp du som innbyggar er med på å dele informasjonen om tiltaket og arrangementa med kollegaer, naboar, kjende og andre de kan tenke de kan ha glede av å møte andre Hallinger for ein uformell og triveleg møteplass. Dersom det blir godt oppmøte på arrangementa er det håp om at dette kan bli ein ny møteplass for heile Hallingdal òg utover piloten i 2025.

Hallinghygge - Facebookside

Sist endret: 07.02.2025