Bakgrunn:
Den 1. juli 2026 vil viltressurslova (lov 20. juni 2025 nr 102 om jakt, fangst og felling av vilt mv.) tre i kraft. Frå same tidspunkt vil dagens viltlov (lov 29. mai 1981 nr 38 om jakt og fangst av vilt) verte oppheve.
Landbruksdirektoratet vil gjere oppmerksam på at viltressurslova, når den trer i kraft, innfører eit krav om at kommunar som ynskjer å fastsette og krevje inn fellingsavgift for kvart dyr som vert felt av elg og hjort, må gjere dette i forskrift, jf. viltressurslova § 9 fjerde ledd. Fellingsavgiftene må verte fastsett innanfor rammene Stortinget bestemmer.
I 2025/2026 er dei gjeldene satsane (maksimal sats):
- Elg (vaksen): 670 kr.
- Elg (kalv): 400 kr.
- Hjort (vaksen): 520 kr.
- Hjort (kalv): 310 kr.
Ei kommunal forskrift må på høyring før den endeleg vert vedtatt av kommunestyret og deretter verte kunngjort i Norsk Lovtidend.
Forskriftsteksten er som følgjande:
§ 1. Fellingsavgift for elg og hjort
Fellingsavgift kreves inn etter forskrift 15. mai 2011 nr. 537 om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort § 6, jf. viltressursloven § 9 fjerde ledd. Satser for fellingsavgift settes til maksimal sats for fellingsavgift gitt i Stortingets budsjettvedtak.
§ 2. Ikrafttredelse
Forskriften trer i kraft 1. juli 2026 eller senere.
Gol kommune ber om at eventuelle merknader til forskriften vert sendt til postmottak@gol.kommune.no innan 16. mars 2026.
Vedlegg
Forskrift om fellingsavgift for elg og hjort i Gol kommune - høyringsutkast (PDF)