Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Fjerning av framande planteartar

Me vil oppfordre til ein dugnadsinnsats i kommunen vår.

Einskilte planteartar som ikkje høyrer heime i naturen kan spreie seg og presse ut vår lokale og flotte flora.

Nokre av desse framande artane finns i hagane våre, så me bør vise hagevett for å hindre spreiing. Dette er eigentleg det viktigaste tiltaket med kan gjere for å hindre spreiing.

Bilete av hagelupinarBilete av hagelupinar i avfallssekkerBilete av hagelupinarBilete av hagelupinar på bakken

Veileder: Hagevettreglene – slik hindrer du spredning av fremmede plantearter og leverer hageavfall riktig. - miljodirektoratet.no

Eit døme på ein uønska art som har spreidd seg er hagelupinen. Denne er heldigvis ikkje vanleg å sjå i kommunen enda, men potensialet for spreiing til større områder er absolutt tilstades.

Om du ser denne arten; registrert den på www.artsobservasjoner.no og gjer det du kan for å fjerne den.

Det beste er å få opp heile rota ved å luke, men det hjelper også å fjerne blomane på planten for å hindre frøsetting og frøspreiing. Det er ein langvarig prosess å få bukt med denne planten, då den kan ha ein langvarig frøbank dersom den har vore i eit område over tid.

Hugs å ha alt du fjerner i ein gjennomsiktig sekk og lever det som RESTAVFALL på avfallsmottaket på Klemmavegen.

Ein oversikt over registrerte framande planteartar finn du på artskartet til www.artsdatabanken.no og Vis utvalg i kart | Artskart 2

Om du vil lære meir om framande artar; les her Om Fremmedartslista | Artsdatabanken

Sist endret: 15.06.2026