Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Avlesing av vassmålar på SMS

Gol kommune har teke i bruk vassmåleravlesing på SMS. SMS blir send ut frå eit 14-siffera nummer.

Bilete av ein vassmålar.

Du vil bli bedt om å svare på SMS-meldinga og oppgje målarstand på din vassmålar.

Har du ikkje oppgitt mobiltelefonnummer, vil vi sende ut avlesingskort digitalt via Altinn eller Digital postkasse (Digipost).
Dei me ikkje når via SMS, Altinn eller Digipost vil få avlesingskortet i posten.
Her ber vi deg om å oppgje mobilnummer, slik at vi ved neste avlesing kan sende deg SMS.

Har du ikkje oppgitt mobiltelefonnummer må du rapportere inn vassmålarstand til leseav.no, eller frankere og returnere avlesingskortet i utfylt stand til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol.

Du kan og sende det inn til vannmaler@gol.kommune.no, eventuelt levere det på kommunehuset på Gol.

Spørsmål om vassmåleravlesing må rettast til vannmaler@gol.kommune.no eller til Gol kommune på telefon 32 02 90 00.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel bruke det mobilnummeret du svarte via, eller eventuelt det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på leseav.no, eller på svarslippen.

Registrering av mobiltelefonnummer 

Det finst fleire offentlege register der du kan registrere mobiltelefonnummeret ditt. Det er og oppretta eit register knytt til SMS-tenesta.

Her er to alternativ du kan bruke for å registrere mobiltelefonnummeret ditt: 

Bedrifter 

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på varslemeg.no, fordi telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Sist endret: 27.11.2024