Kvart skritt tel
Visste du at vi går meir enn vi trur? Ofte til skolen, butikken, bussen eller berre ein liten omveg fordi sola skin?
Når vi går, så skjer det mykje meir enn det vi er klar over. Vi koppel av og på, ser ting vi elles ville køyrt forbi, møter folk og oppdagar små og gode opplevingar rett utanfor døra.
Samtidig gjer vi nærmiljøet tryggare og meir levande. Vi får frisk fjelluft, raude kinn og verdifull bevegelse i kvardagen. Effekten varer, og kvart skritt bidreg til betre helse, mindre press på helsetenestene og lågare kostnader for samfunnet.
For barn er skolevegen mykje meir enn transport frå A til B. Når barn går til skolen, får dei dagleg fysisk aktivitet, lærer seg å ferdast i nærmiljøet og får moglegheita til å vere saman med vennar på vegen. Det bidreg til både meistring, sjølvstende og trivsel.
For foreldre kan gåing vere ein enkel måte å få meir bevegelse inn i ein travel kvardag, redusere stress og bidra til eit litt rolegare tempo i kvardagen. Samtidig er foreldre viktige rollemodellar. Når vaksne vel å gå, viser dei barn og unge at fysisk aktivitet kan vere ein naturleg del av kvardagen, og ikkje berre noko som skjer på trening eller i fritida.
For eldre kan ein tur til butikken eller sentrum styrke både kropp og sinn, samtidig som han gir anledning til sosial kontakt og gode møter i nærmiljøet.
La oss velje beina denne hausten og saman skape eit tryggare, meir inkluderande og levande nærmiljø. Kvart skritt tel, og saman kjem vi langt. Heia oss!