Vi er snart i gang med forarbeid og asfaltering av Robølevegen og Elgfaret. Begge vegane som skal takast er smale, og asfaltutleggeren vil trenge full vegbreidde. Vegane vil derfor bli heilt stengt for trafikk når asfalteringa går føre seg.
Robølevegen
Førebuande arbeidar vil gå føre seg frå måndag 08.09. til torsdag 18.09. mellom klokka 07.00–19.00 (veke 37 og 38).
Bommen til Tronderudvegen vil stå open i denne perioden.
Det vil vere ein hjulgraver med henger som utfører arbeidet, han vil begynne frå bommen og jobbe seg nedover feltet.
Alle må påberegne å køyre om Tronderudvegen etter kvart som arbeidet går framover.
Gravaren kan ikkje flytte seg for noko trafikk då det er trongt, og det ville teke både tid og pengar frå prosjektet.
Arbeida består av kant- og grøfterensk, avretting av grus og fresing av asfalt i avkøyrslar (for å få ein fin overgang mot eksisterande asfaltar/belegningstein).
Asfalteringa. Det skal asfalterast måndag 22.09 og tysdag 23.09. frå klokka 07.00–21.00 (veke 39).
I den perioden blir vegen heilt stengt, og det vil ikkje vere mogleg å køyre verken inn eller ut.
Alternativ parkering ved stasjonen.
Vi beklagar ulempene dette kan medføre, og takkar for forståinga!
Elgfaret
Det skal asfalterast i Elgfaret måndag 29.09.25 (veke 40).
Den dagen vil vegen vere heilt stengt frå kl. 07.00–2100, og det vil ikkje vere mogleg å køyre verken inn eller ut.
Alternativ parkering ved Gol Renseanlegg.
Vi beklagar ulempene dette kan medføre, og takkar for forståinga!