Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Open hall på Gol idrettsarena

Open hall er eit ukentlig og gratis aktivitetstilbod for barn og ungdom frå 4. til 10. klasse. Her er det rom for leik, bevegelse og sosialt samvær i trygge rammer.

Tidspunkt og målgrupper

  • Tysdagar kl. 13.30–15.30: 6.–10. klasse
  • Torsdagar kl. 13.30–15.50: 4.–7. klasse

Basishallen er open heile perioden på tysdagar, og opnar kl. 14.30 på torsdagar.
Merk: På torsdagar er hoppeveggen i basishallen stengt, ettersom dette ikkje er ein passande aktivitet for dei yngste.

Vaksne og ungdomsleiarar til stades

Når hallen er open, er det alltid trygge vaksne og ungdomsleiarar til stades:

  • Tre unge fritidsleiarar (to i basishallen og éin i handballhallen)
  • Éin vaksen tilsett i kommunen

Garderobar og opphald i hallen

Det er éin open jentegarderobe og éin open gutegarderobe under arrangementet.
Barna og ungdommane skal berre opphalde seg i garderobane når dei:

  • legg frå seg sekk og klede
  • skiftar

Ellers skal deltakarane alltid vere i ein av hallane eller i etesalen. For å sikre god oversikt vil dei unge fritidsleiarane jamleg gå gjennom gongane og garderobane og be barna/ungdommane gå tilbake til hallane ved behov.

Dersom ein ikkje ønsker å opphalde seg i hallane kan ein på torsdagane henge i etesalen og møterommet ved inngangen til gia. Her er det blant anna brettspel ein kan bruke.

Mobilbruk og mat

  • Vi oppfordrar til å legge bort mobilen under Åpen hall, slik at fokuset blir på aktivitet og samvær. Leiarane kan ikkje ta telefonar frå barna/ungdommane, og vi set pris på at føresette snakkar med barna om dette på førehand.
  • Det er ikkje tillate å ete i hallane. Mat blir eten i etesalen.

Viktig informasjon om aktivitet i basishallen

I basishallen følger dei unge fritidsleiarane med på at hallen sine reglar blir følgde.
Open hall er frileik, og ikkje organisert turntrening. Ingen av leiarane har sikringskurs i turn, og kan derfor ikkje sikre barna i øvingar.

Vi oppfordrar derfor alle til:

  • å halde seg til øvingar dei meistrar
  • å unngå triks dei er usikre på

Vår erfaring etter eit halvt år med Åpen hall er svært god – dette blir respektert, og vi har ikkje hatt skadar knytt til aktiviteten.

Justeringar i tilbodet

I år er gruppene delte meir opp enn tidlegare, slik at vi unngår for mange deltakarar samtidig. Mot slutten av 2025 opplevde vi svært stor oppslutning, og sjølv om dette er eit gledeleg «luksusproblem», var det viktig for oss å gjere justeringar for å sikre god oversikt og trygg gjennomføring.

Vi jobbar også med å utvide tilbodet til fleire dagar, slik at flest mogleg får like god tilgang, slik som hausten 2025.

Kontakt og opningstider

Open hall er stengt i skoleferiar og på raude dagar.

Ta kontakt dersom de lurer på noko om open hall. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar – og følger opp desse etter beste evne.
Kontakt: Are.haukaas@gol.kommune.no eller tlf.: 992 87 863 (0800–1545)

Sist endret: 16.01.2026