INFLUENSA-, KORONA- OG PNEUMOKOKKVAKSINERING AV RISIKOGRUPPER I HALLINGDAL HAUSTEN 2024
- Datoar og tidspunkt for vaksinering finn du nedanfor. Blir også publisert i Hallingdølen tidleg i oktober.
- Det vil bli anledning til å få sett både influensa, korona og/eller pneumokokkvaksine samtidig (3 stikk)
- Pneumokokkvaksine blir sett kvart 6.år, influensa og koronavaksine er anbefalt årleg.
- Dersom oppsett dato i eigen kommune ikkje passar eller du f.eks. jobbar i ein anna kommune, er du velkommen til å ta vaksinen i ein av dei andre kommunane på annonserte datoar og tidspunkt. Sjå aktuell kommune si heimeside.
- Er du usikker på om du er i risikogruppe for influensa, korona og/eller pneumokokk, kan du lese meir på denne nettsida (fhi.no)
Datoar og tidspunkt for sesongvaksinering 2024
Stad: Gol Idrettsarena (GIA), Tronderudvegen 1A
Torsdag 17. oktober
kl. 09:00 - 11:00 for dei med etternavn A-D.
kl. 12:30 - 14:30 for dei med etternavn E-H.
Fredag 18. oktober
kl. 09:00 - 11:00 for dei med etternavn I-L.
kl. 12:30 - 14:30 for dei med etternavn M-O.
Onsdag 23. oktober
kl. 09:00 - 11:00 for dei med etternavn P-S.
kl. 12:30 - 14:30 for dei med etternavn T-Å.
Onsdag 13. november
kl. 13:00 - 17:30 for dei som ikkje kan i oktober.
Dersom oppsett dato i eigen kommune ikkje passar eller du f.eks. jobbar i ein anna kommune, er du velkommen til å ta vaksinen i ein av dei andre kommunane på annonserte datoar og tidspunkt. Sjå aktuell kommune si heimeside.
Gjekk du glipp av fellesvaksineringa hausten 2024
Vaksinasjonsdatoar på Gol helsestasjon i vekene fram mot nyttår:
Veke 48 – 29. november (timebestilling)
Veke 50 – 10. desember (timebestilling)
Time for vaksinasjon (influensa, korona, pneumokokk) avtalast med helsestasjonen på telefon 32 02 92 15.
Passar ikkje oppsette datoar? Det er tilbod om vaksinering i minst ein av Hallingdalskommune kvar veke.
Ta kontakt med servicetorget på telefon 32 02 90 00 for informasjon om kva kommunar som har vaksinering til kva tid og avtal med den aktuelle helsestasjonen direkte.
Vaksineanbefalingar for influensavaksine
Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim.
- Alle frå fylte 65 år.
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester).
- Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk).
- diabetes type 1 og 2.
- leversvikt eller nyresvikt.
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, eksempelvis med nedsett hostekraft, lungekapasitet eller epilepsi.
- nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar).
- svært alvorleg fedme (KMI over 40).
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.
I tillegg blir anbefalt influensavaksine til:
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta.
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.
Vaksineanbefalingar for koronavaksine
Personar i følgande risikogrupper bør ta ein oppfriskningsdose med koronavaksine i haust:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre.
- Sjukeheimspasientar.
- Personar i aldersgruppa 18 – 64 år som inngår i ei risikogruppe.
- Ungdom i aldersgruppa 12 -17 år med alvorleg grunnsjukdom.
- Barn 6 md. – 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter anbefaling frå legen til barnet.
- Gravide i 2. og 3. trimester, gravide i 1.trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggsykdommer som gir auka risiko.
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.
For meir informasjon, sjå FHI si heimeside (fhi.no).
Vaksineanbefalingar for pneumokokkvaksine/"Lungebetennelsevaksine"
Pneumokokkvaksine anbefalast kvart 6. år til følgande personar:
- Alle over 65 år.
- Personar med sjukdom som gir immunsvikt eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret.
- Personar med sjukdom som gir auka risiko for pneumokkokksykdom etter individuell anbefaling frå fastlege.
- Personar som gjennom yrket sitt har auka risiko for smitte (eksempelvis laboratoriepersonell og personar som blir eksponerte for sveiserøyk).
Du finn oversikt over vaksinane dine på Helsenorge si heimeside.
Prisar hausten 2024
Prisar som gjeld for risikogruppene i alle kommunar i Hallingdal:
- Influensavaksine: 250,-
- Koronavaksine: gratis
- Pneumokokkvaksine (kvart 6.år): 400,-
Vaksinasjon av barn under 12 år
Vaksinasjon av barn under 12 år vil gå føre seg på Gol helsestasjon etter avtale.
Undersøk med fastlegen til barnet dersom du er usikker på om barnet ditt er i risikogruppe for enten influensa- og/eller koronavaksine.
Ta kontakt med helsestasjon/skolehelsetenesta via www.helsenorge.no eller på telefon 32 02 92 15 for å avtale tidspunkt for vaksinasjon.
Reisevaksine
Dersom du skal ut og reise og har behov for reisevaksine, kan du først finne informasjon og bestille resept på nettet.
Dette kan du gjera på eVaksine.no | Ny ordre.
Deretter kan du gå til eitt av apoteka våre for å få sett vaksinen.
Folkehelseinstituttets samleside om vaksiner
Folkehelseinstituttet har ein stor oversikt med informasjon om vaksiner og vaksinering.
FHI.no - vaksiner og vaksinasjon
Kontakt
Logg inn og send ein melding til helsestasjon på helsenorge.no.
Generelle spørsmål om sesongvaksinering kan for ein periode rettast mot tenestetorget på telefon: 32 02 90 00.