INFLUENSA-, KORONA- OG PNEUMOKOKKVAKSINERING AV RISIKOGRUPPER I HALLINGDAL
- Det vil bli anledning til å få sett både influensa, korona og/eller pneumokokkvaksine samtidig (3 stikk)
- Pneumokokkvaksine blir sett kvart 6.år, influensa og koronavaksine er anbefalt årleg.
- Er du usikker på om du er i risikogruppe for influensa, korona og/eller pneumokokk, kan du lese meir på denne nettsida (fhi.no)
Massevaksinering 2025
Stad: Gol Idrettsarena, Tronderudvegen 1, 3550 GOL
Dagar etter etternamn:
- For dei med etternamn A-F
Onsdag 22.10 - kl. 09:00 - 11:00 - For dei med etternamn E-H
Onsdag 22.10 - kl. 12:00 - 14:30 - For dei med etternamn I-L
Torsdag 23.10 - kl. 09:00 - 11:00 - For dei med etternamn M-O
Torsdag 23.10 - kl. 12:00 - 14:30 - For dei med etternamn P-S
Torsdag 30.10 - kl. 09:00 - 12:00 - For dei med etternamn T-Å
Torsdag 30.10 - kl. 12:00 - 14:30
For dei som ikkje kan de andre dagane:
- Onsdag 29.10 - kl. 12:00 - 15:00 på Gol Idrettsarena
- Onsdag 29.10 - kl. 16:00 - 18:00 på Gol Idrettsarena
- Onsdag 12.11 - kl. 09:00 - 15:00 på Gol Helsestasjon
Ta kontakt med Gol helsestasjon på tlf. 32029215 dersom du er i risikogruppe og gjekk glipp av desse.
Vaksineanbefalingar for influensavaksine
Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim.
- Alle frå fylte 65 år.
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester).
- Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk).
- diabetes type 1 og 2.
- leversvikt eller nyresvikt.
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, eksempelvis med nedsett hostekraft, lungekapasitet eller epilepsi.
- nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar).
- svært alvorleg fedme (KMI over 40).
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.
I tillegg blir anbefalt influensavaksine til:
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta.
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.
Vaksineanbefalingar for koronavaksine
Personar i følgande risikogrupper bør ta ein oppfriskningsdose med koronavaksine i haust:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre.
- Sjukeheimspasientar.
- Personar i aldersgruppa 18 – 64 år som inngår i ei risikogruppe.
- Ungdom i aldersgruppa 12 -17 år med alvorleg grunnsjukdom.
- Barn 6 md. – 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter anbefaling frå legen til barnet.
- Gravide i 2. og 3. trimester, gravide i 1.trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggsykdommer som gir auka risiko.
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.
For meir informasjon, sjå FHI si heimeside (fhi.no).
Vaksineanbefalingar for pneumokokkvaksine/"Lungebetennelsevaksine"
Pneumokokkvaksine anbefalast kvart 6. år til følgande personar:
- Alle over 65 år.
- Personar med sjukdom som gir immunsvikt eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret.
- Personar med sjukdom som gir auka risiko for pneumokkokksykdom etter individuell anbefaling frå fastlege.
- Personar som gjennom yrket sitt har auka risiko for smitte (eksempelvis laboratoriepersonell og personar som blir eksponerte for sveiserøyk).
Du finn oversikt over vaksinane dine på Helsenorge si heimeside.
Prisar
Prisar som gjeld for risikogruppene i alle kommunar i Hallingdal:
- Influensavaksine: 301,-
- Koronavaksine: 110,-/85,-*
- Pneumokokkvaksine (kvart 6.år): 110,-/85,-*
* Redusert pris ved samvaksinasjon.
Det er andre prisar for dei som ikkje tilhøyre vaksenvaksinasjonsprogrammet.
Alle tre vaksinar kan settast samtidig.
Vaksinasjon av barn under 12 år
Vaksinasjon av barn under 12 år vil gå føre seg på Gol helsestasjon etter avtale.
Undersøk med fastlegen til barnet dersom du er usikker på om barnet ditt er i risikogruppe for enten influensa- og/eller koronavaksine.
Ta kontakt med helsestasjon/skolehelsetenesta via www.helsenorge.no eller på telefon 32 02 92 15 for å avtale tidspunkt for vaksinasjon.
Reisevaksine
Dersom du skal ut og reise og har behov for reisevaksine, kan du først finne informasjon og bestille resept på nettet.
Dette kan du gjera på eVaksine.no | Ny ordre.
Deretter kan du gå til eitt av apoteka våre for å få sett vaksinen.
Folkehelseinstituttets samleside om vaksiner
Folkehelseinstituttet har ein stor oversikt med informasjon om vaksiner og vaksinering.
FHI.no - vaksiner og vaksinasjon
Kontakt
Kontakt Gol helsestasjon på tlf. 32029215 eller logg inn og send ein melding til helsestasjon på helsenorge.no.