Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Søknad om avkøyring frå veg

Avkøyring til offentlig veg

Avkøyrsla må byggast i samsvar med reguleringsplanen til kommunen og retningslinjer gitt av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei brei tryggingsvurdering til grunn. Dersom området er uregulert, eller det ikkje er planar om avkjørsle i reguleringsplanen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Søk om avkøyring

Avkøyring omfattar all slags tilknyting mellom privat eigedom og offentleg veg. Dette gjeld også der privat veg møter offentleg veg. Som avkøyring reknar ein også tilknyting for fotgjengarar.

Kommunen kan hjelpe deg med informasjon du treng til søknaden

Kommunal veg

Søknad om avkøyring på kommunal veg sendas kommunen ved kommunalteknisk avdeling. Dette gjeld også dersom du skal flytte avkøyringa eller endre bruk.

Søknad om avkøyring som har tilknyting til tomtedeling eller byggesak sendas til kommunen ved utbyggingsavdeling.

Slik søker du

Send ein kort forklaring og send søknaden til Gol kommune per brev eller på e-post:

postmottak@gol.kommune.no

Dokumentasjon til søknaden

  • Situasjonskart som viser avkøyring, eigedom(bygg) og kommunal veg
  • Grunngjeving for søknaden og andre opplysningar du meiner kan ha betyding
  • Skildring av avkøyringa

Riks- og fylkesveg

Søknad om avkøyring på riks- og fylkesvegar behandlast av Statens vegvesen. Det er dei som har ansvar for desse vegane.

Rettleiing frå Statens vegvesen (PDF)

Digitale tenester (PDF)

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.

Før klaga blir sendt til klagenemnda for behandling,  skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til klagenemnda.

Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga.

Nyttige lenker

Veglova § 40-43 (lovdata.no)

Veglova § 13 (lovdata.no)

Plan- og bygningsloven kap. 12 (lovdata.no) (Reguleringsplan)

Forskrift om behandling av avkjørslesaker for riksveg (lovdata.no)

Forskrift om alminmelege regler om bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg (lovdata.no)

Forvaltningsloven (lovdata.no)