Dette gjeld ikkje for anlegg som er frå 1972 eller tidlegare og som ikkje er rehabiltert eller vesentleg utvida seinare.
Kommunen kan likevel stille krav om oppgradering av desse gamle anlegga.
Bygningar utan innlagt vatn (sisterne mindre enn 25 liter) treng ikkje utsleppsløyve. Unntaksvis om det blir etablert tett tank for toalett avløp.
Du må søkje om løyve
- Før etablering av eit nytt utslepp av avløpsvatn - f.eks. ved bygging av ny bustad eller fritidsbustad, eller om du skal legge inn vatn i ein eksisterande fritidsbustad.
- Før vesentleg auke av utslepp - ved større påbygg hus/hytte eller f.eks. etablerer ny hybel med eige bad eller toalett i huset ditt
- Før det vert gjort utvendige endringar på det eksisterande anlegget - f.eks. ved pålegg om utbetring av eldre anlegg, pålegg om å bygge nytt, endre eksisterande anlegg med nye faktorar eller flytte punkt for utslepp.
Slik søkjer du
Du må ta kontakt med eit føretak med tilstrekkeleg kompetanse innanfor fagområdet. Dei utarbeider søknad om utslippstillating på vegne av deg.
Privatpersonar kan ikkje sjølv søke om utslipp.
Ansvarleg søkar må oppfylle krava som er sett i plan- og bygningslova (lovdata.no) og Byggesaksforskrifta (lovdata.no)
Fagpersonen vil vera bindeledd mellom deg og kommunen.
- Søknaden sendes til Gol kommune.
Dette gjerast av prosjekterande føretak. - Avløpsanlegget må prosjekterast og byggast etter gjeldande lover og forskrifter.
Her finn du søknadskjema på nynorsk og bokmål for utsleppsløyve og lenke til side med vedlegg som kan brukast i søknadsprosessen.
Søknadsskjema på nynorsk (docx)
Søknadsskjema på bokmål (docx)
Informasjon og skjema (dibk.no) som skal følgje som vedlegg til søknad om utsleppsløyve
Søknadsrettleiar for utsleppsløyve
Sjekkliste PBL søknad utslepp (docx)
Sjekkliste SØK-PRO forureiningsforskrifta (docx)
Powerpoint (pptx) - Møte med PRO/SØK i Hallingdal 21.04.2021