Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Krav om tilbakesikring for å hindre forureining av drikkevatnet

Risikoabonnentar må følgje opp kravet om tilbakeslagssikring for å hindre forureining av drikkevatnet.

Kva er tilbakestrømming?

Det hender at vatn trykkas eller sugas tilbake frå ei kran eller tilkopling. Vatnet kan kome ut i andre kranar i same hus, eller på offentleg nett.

Det er to hovudårsakar til at dette kan skje:

  1. Trykkfall på kommunens nett.
  2. Abonnenten har interne pumpesystem med høgare trykk enn kommunens vasstrykk.
Kva er ein risikoabonnent?

Abonnentar som handterer væsker som utgjer ein fare for å forureine det offentlege vassleidningsnettet ved tilbakestrømming.

Eksempel på risikoabonnentar:

  • Avløpsanlegg
  • Industri
  • Husdyrbruk
  • Vaskeanlegg
  • Bensinstasjonar
Korleis kan forureininga skje?

Spesielle trykkforhold kan føre til at forureina vatn eller andre væsker strømmer frå eit tappested tilbake til det interne vassleidningsnettet i bygningen eller ut på det offentlege vassleidningsnettet.

Det er derfor krav om å gjere tiltak for å hindre tilbakeslag.

Lovheimel – kommunens heimelsgrunnlag

Heimel for og krevje sikring mot forureining er gitt i standard abonnementsvilkår for vatn og avløp – Tekniske bestemmelser punkt 4.4 Sikring mot forureining.

Heimel for tilsyn og pålegg om utbetring for eksisterande installasjonar er gitt i standard abonnementsvilkår for vatn og avløp – Administrative bestemmelser punkt 3.7 Besiktigelse og kontroll av eksisterende anlegg og installasjoner.

Krav om sikring mot tilbakestrømming finner man også i plan- og bygningsloven (pbl) og utdjupa i Byggteknisk forskrift (TEK17).

Krav til tiltak for å forhindre tilbakestrømming er regulert i TEK17 §§ 15-5 og 15-7.

Direktoratet for byggekvalitet har laga ein rettleiar til føresegna, der det visast til NS-EN 1717 og VA/Miljø-blad 61.

Kven gjeld kravet for?

Verksemder som handterer væsker som inneheld smittestoffar og/eller kjemikaliar utgjer ein risiko for å forureine drikkevatnet både i og utanfor eigen verksemd.

Slik forureining er det forbod mot!

Nyttig informasjon og rettleiing

Korleis velja å installere tilbakestrømssikring?

Veiledning til bygningseiere og rørleggere (PDF)