Det hender me må stenge vatnet for å utføre nødvendig arbeid. Vasstilførselen kan òg stoppe som resultat av ei akutt hending. Når vatnet kjem tilbake, kan det vere misfarga. Nokre gonger kan du òg få varsel om å koke vatnet til bruk i mat og drikke.
Det kan vere nødvendig å stenge vatnet for å utføre arbeid på til dømes eit privat leidningsnett eller ved større prosjekt på det kommunale nettet. Det kan òg oppstå akutte hendingar som gjer at vasstilførselen stoppar.
Før vatnet blir stengt
Vi varslar deg via SMS eller talemelding før vi stenger vatnet. Det er lurt å fylle opp drikkevatn og vatn til å skylle ned i toalettet før vatnet blir stengt.
Sjekk om du er registrert med rett telefonnummer.
Når vatnet er stengt
Hald vasskranene stengde medan vatnet er borte. Vi gir deg beskjed om kor lenge vatnet vil vere borte. Har du fått SMS-varsel om at vi stenger vatnet, kan du òg finne meldinga på nettsidene våre.
Etter at vatnet er tilbake
Etter at vatnet har vore stengt, kan det vere misfarga. Det er som regel ikkje farleg å drikke eller bruke vatnet i matlaging. Du vil bli varsla dersom vi tilrår å koke drikkevatnet. Vatnet blir vanlegvis klart etter at det har fått renne ei stund.
Dersom vatnet framleis er misfarga etter at du har tappa kaldt vatn i ca. 15 minutt, bør du ta ein times pause – og så prøve å tappe kaldt vatn i ca. 15 minutt til.
Utsett vask av lyst tøy til vatnet er heilt klart igjen. Dersom kleda blir misfarga, hald tøyet vått til vatnet er klart og vask på nytt.
Vent òg med å bruke oppvaskmaskina til vatnet er klart.
Koking av vatn
Når delar av leidningsnettet har mista trykket eller vatn har vore borte ei kortare eller lengre periode, aukar risikoen for at ureina vatn kan kome inn i røra. Det er årsaka til at du får tilråding om å koke vatnet som skal drikkast eller brukast til matlaging. Berørte personar blir varsla om kokeanbefaling via SMS eller talemelding.
Hendingar som kan medføre ureina vatn blir følgde opp med analysar av vasskvaliteten. Dersom prøvene viser spor av bakteriar, blir kokeanbefalinga forlenga. Kokeanbefalinga gjeld til du blir varsla om at vatnet er friskmeldt.
Har du fått tilråding om å koke vatnet ditt, finn du gode råd i denne filmen Asker kommune har laga:
Du kan lese meir om kokeanbefaling på nettsidene til Folkehelseinstituttet.