Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Lekkasje på vassleidningsnettet

Av og til skjer det vasslekkasje på eller i tilknytning til det kommunal leidningsnettet frå vassverket. Ofte er dette lekkasjar på privat stikkledning eller tilkoblingspunkt til stikkleidningen.

Dersom du oppdagar sus i røyr eller lågt vasstrykk, kan det vere teikn på at det er lekkasje på vassleidninga.

Ved mistanke om lekkasje må kommunen varsles så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefon 916 84 496.

Desse reglane gjeld ved lekkasjar:

  • Kommunen er ansvarleg for alle lekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Den enkelte abonnent er sjølv ansvarleg for lekkasjar på sin private stikkleidning, inkludert påkoplingspunktet.

Det er viktig å varsle fort for å unngå følgjeskader, som t.d. skader på hus eller vegar, eller tøyming av høgdebasseng.

Kva skjer vidare?

Dersom det er konstatert at det er lekkasje vil kommunen syte for å stenge av vatnet, lokalisere lekkasjen, evt. fastslå om den er på privat stikkleidning, og vurdere kva tiltak som bør setjast i verk.

  • Kommunen har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel, for å reparere vasslekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Dersom det ikkje er tvil om at lekkasjen er på privat stikkleidning må abonnenten sjølve syte for at feilen vert utbetra så fort som råd.
  • Det er krav om at arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, gravemaskinførar og røyrleggjar.