Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kva er avlaupsvatn frå privat hushaldning?

Avlaupsvatn er vatn frå toalett, dusj, vaskar, vaskemasskinar og innvendige sluk (kloakk).

Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal kastas i toalettet.
Du må ikkje kaste kondomer, Q-tips, kjemikalier, medisiner eller våtserviettar i toalettet.

Dette skapar problem for reinseanlegget eller hindrar miljøvenleg bruk av slam.

Det må du nesten bare drite i (norskvann.no)

Feitt i avlaupsnettet

Feitt og matrestar skal ikkje kastas i vasken eller i toalettet, men leverast saman med restavfallet.

Slik gjer du:

  • Feitt i steikepanna og stivna (avkjølt) feitt fjernar du med tørkepapir og kastar i restavfallet. 
  • Feitt som ikkje stivnar, helles i tett emballasje som kastas i restavfallet.
  • Feitt frå ribbe, pinnekjøt, smultgryte og liknande lar man stå til det er avkjølt og stivna. Då er det berre å skrape av feittet slik at det kan leggast i restavfallet. Siste rest av feitt fjernast med tørkepapir før steikebrettet vaskas i oppvaskkummen. 

Kvifor skal ikkje feitt i avlaupet?

Feitt i avlaupsnettet er eit aukande problem, både i private og kommunale røyr. Kvart år må Gol kommune bruke pengar og ressursar på problem knytt til feitt i avlaupsnettet.

Avlaupsnettet er bygget for å handtere vatn, tiss, bæsj og dopapir.
Det hjelper ikkje at det nyttes varmt vatn og såpe når feittet fjernast frå gryter og panner, for feittet vil stivne igjen når det kjem lenger ut i røyra.

Fett frå matrestar og matlaging tettar og skaper problem i røyr og pumpestasjonar.

Dette kan føre til tilbakeslag i toalett, oversvømmelse i kjellaren og luktproblem.

Matavfallskvern

Det er ikkje tillat å installere matavfallskvern i Gol kommune.