Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunalt avløp

Gol kommune har utarbeida Hovudplan for avløpssektoren (PDF) i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre 16.12.2014.'

Gol kommune vedtok lokale forskrifter om vatn- og avløpsgebyr den 20.11.2007.
Der finn du bestemmingar om utrekning og innbetaling av vass- og kloakkavgifta. 

Forskrifta kan du lese her (lovdata.no)

Kommunen brukar nasjonale forskrifter og normer som mal for lokale tilpasningar. Dette gjeld m.a. VA-normen og Sanitærreglementet.

VA-normen

Ny VA-norm for Gol kommune blei vedtatt i Utval for Natur og Næring 17.04.2017 i sak 31/18.

Les VA-normen her (PDF)

Kommunale avløpsreinseanlegg

Gol renseanlegg

Gol renseanlegg som ligg ved riksveg 7 på Hagaskogen er eit mekanisk/kjemisk anlegg dimensjonert for ca 12000 pe.
Anlegget som behandlar avløpsvatn frå Gol tettstad vart rehabilitert i 2000.
Anlegget har fleire fellingstrinn med sedimentering og flotasjon.

Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg. Det kommunale avløpsnettet som er knytta til anlegget er på ca 43 km og med 6 tilhøyrande pumpestasjonar.

Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Hallingdalselva. Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) jf. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m (lovdata.no9.

Golsfjellet avløpsrenseanlegg

Anlegget som ligg ved Oset vart i 1998 etablert som eit mekansk/kjemisk anlegg med opne kalkfellingsdammer dimensjonert for ca 2600 personar.

I 2007 vart anlegget totalrenovert og utvida til eit mekanisk/kjemisk anlegg basert på flotasjon i tillegg til biologisk rensetrinn.
Kapasiteten for anlegget er no på ca. 5000 pe.

Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg.
Anlegget behandler avløpsvatn frå hotell og fritidsbustader i sentrale deler av Golsfjellet som Storefjell, Ørterstølen, Guriset og Oset.
Avløpet blir frakta til anlegget via 9 km kommunalt avløpsnett og 2 pumpestasjonar.

Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Tisleifjorden. Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) og organisk stoff (KOF/BOF) jf. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m (lovdata.no).