Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunal vassforsyning

Vassforsyning er regulert av forskrift om vassforsyning og drikkevatn (lovdata.no).

Gol kommune har utarbeida Hovudplan for vassforsyning (PDF) i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre 16.12.2014.

Kommunen skal levere drikkevatn som er hygienisk trygt, klart og utan nemnande lukt, smak eller farge. Det er mattilsynet som er statleg styringsmakt på området grikkevatn.

Dei fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i forskrift om drikkevatn.

Gol vassverk

Etter ombygging vart vassbehandlingsanlegget satt i drift 19 Januar 2010.

Drikkevannsforskrifta stiller krav til at pH i vatnet skal være mellom 6,5 og 9,5.

Fram til 2010 har pH blitt justert ved å tilsette lut.

Den nye vassbehandlinga luftar vatnet, før det blir filtrert gjennom knust marmor.

Etter behandling har vatnet ut frå vassverket ein surheitsgrad på ca. pH 8. PH kan synke noko utover i nettet. Vatnet har ei hardheit på 4°dH, noko som er betegna som ”bløtt vatn”.

Det stilles krav om at vatnet skal sikrast med to uavhengige hygieniske barrierer.

For Gol vassverk er den første barriera sikring av vasskjeldene. Den andre, har fram til 2010, vore tilsetting av klor. Klor er nå erstatta av behandling med ultrafiolett lys (UV). Meir informasjon om UV-behandling av drikkevatn, finnes hjå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Klor inngår framleis som ei beredskapsløysing, og kan måtte bli nytta ute i leidningsnettet.

Etter ombygginga er vassbehandlingsanlegget også blitt sikra betre mot flom i Hallingdalselva.

Vassverket, med dei nye endringane, vart godkjent av mattilsynet 23.12.2009.

I korte trekk:

  • Vassverket forsyner Gol tettstad med drikkevatn.
  • Leverer gjennomsnittlig ca. 2000m3/døgn

Det opprinnelige vassbehandlingsanlegget på Eiklid

  • Bygget i 1980
  • 2 grunnvassbrønner
  • pH heving med Lut.
  • Desinfisering med Klor

Vassforsyninga etter ombygging

  • Vannbehandlingsbygget utvida med 90 m2, og eksisterende bygg på 250 m2 er rehabilitert.
  • Dimensjonert for 2350m3/døgn (max. 2600m3/døgn)
  • To gamle og to nye brønner alternerer i vassproduksjonen
  • pH heving ved CO2 avlufting og marmorfiltrering
  • Desinfisering med UV
  • Mulighet for desinfisering med Klor
  • Dykkede utløpspumper i lavreservoar
  • Flomsikring med jordvoll plastra med stein, heving av brønntoppar og golvnivå
  • Klausulert områder, rundt og oppover bak anlegga.

Reservevassforsyning.

  • Ligg 200m fra vannbehandlingsanlegget
  • Bygget i 2006
  • 2 nye grunnvannsbrønner (inngår i daglig produksjon)
  • Høytrykks pumper for sjølstendig forsyning av høydebasseng og nett.
  • Mulighet for desinfisering med klor