Kvifor koke vatnet?
Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Alt vatn frå springen som skal drikkast, må vere kokt.
Eit alternativ til kokt vatn kan vere flaskevatn.
Vatnet må fosskoke
Ein vasskokar vil normalt bringe vatnet til fosskoking før den slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgjeomn må du forsikre deg om at vatnet fosskokar.
Naturleg avkjøling
Etter at vatnet har fosskokt, må det få tid til å avkjølast naturleg, utan tilsetjing av isbitar eller liknande. Dersom vatnet er partikkelhaldig/grumsete og du av estetiske grunnar ønskjer å filtrere det, må dette gjerast før koking, for å hindre ny forureining.
Kva skal du gjere når vatnet må kokast?
Du bør bruke kokt vatn til:
- Drikke.
- All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C.
- Utblanding av saft og andre produkt som skal drikkast eller etast.
- Kaffi. Kaffitraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffitraktaren må derfor vere kokt på førehand. Andre typar kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlar.
- Isbitar.
- Skylling av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.
- Tannpuss.
Ukokt vatn kan framleis brukast til:
- Koking av mat.
- Handvask – hendene vaskast med såpe, skyllast og tørkast etterpå.
- Dusjing og karbad:
Du kan dusje og bade som normalt ved kokeanbefaling, men har du dårleg immunforsvar i kombinasjon med opne sår, er det tilrådd med ein rask dusj (ikkje karbad) og at du tørkar deg godt etterpå. Pass på å ikkje svelgje vatn. Ver spesielt merksam på små born. - Manuell oppvask og oppvaskmaskin:
Ved oppvask for hand må oppvasken skyllast med kokt, varmt vatn og tørkast godt. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg. For å oppnå god desinfeksjonseffekt i ein oppvaskmaskin må programmet ha ein temperatur på minimum 65 ºC når det brukast vanlege hushaldningsmaskiner med programlengd på 1 time eller meir. La oppvasken stå og lufttørke. - Klesvask.
- Reingjering i huset.
OBS! F.eks barn bør ikkje leike med vatnet i hagevatningsanlegg eller bade i barnebasseng i periodar med kokevarsel.