Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Feil på kloakknettet

Av og til opplever abonnentar på det kommunale kloakknettet at kloakken vert tett. Erfaringa syner at dette oftast skuldast tilstopping av privat stikkleidning.

Er det feil på hovudleidningsnettet vil dette oftast medføre at fleire abonnentar opplever problem samstundes, og dette kan lett sjekkast ved å snakke med andre som er tilknytt på same hovudleidning.

Tilstoppa kloakkledning kan oppdagast i tide ved å observere følgjande symptom:

  • Vatnet renn sakte ned
  • Det kjem luftbobler opp, i klosett, vask eller sluk.
  • Symptoma vert fyrst synleg i den nederste etasjen i huset.

Symptom må ikkje ignorerast.

Heil eller delvis tilstopping kan føre til at kloakken renn ut over golvet.

Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for tilstopping på sin private stikkleidning, inkludert påkoplingspunktet.

Ligg feilen på privat stikkleidning må abonnenten sjølv syte for å få reparert feilen.

Dersom det skulle vere mistanke om tilstopping på hovudkloakknettet må kommunen varsles så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefonen 916 84 496. 

Kommunen vil då sjekke om feilen ligg på det kommunale kloakknettet.