Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Røykvarslarar

Den nye forskrifta krev at du har minst ein røykvarslar i kvar etasje.

Tall på røykvarslerar du må ha etter den nye forskrifta vert avgjort av inndelinga av bustaden i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.

Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje.
Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda fleire varslerar for å tilfredsstilla krava i den nye forskrifta om brannførebygging (lovdata.no)

Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.

Sjekkliste for røykvarslarar

1. Monter røykvarslarar i alle opphaldsrom. (Det anbefalas at du monterer røykvarslarar i alle opphaldsrom og alle soverom).

2. Plasser røykvarslarane midt i taket. Røyk stig opp til taket. Korrekt plassering av røykvarslar er derfor i midten av taket. Lova seier at den skal plasseras i taket, minimum ½ meter frå veggen.

3. Bruk optisk røykvarslar. Ein optisk røykvarslar reagerer mye tidlegere enn en ionisk røykvarslar ved ulmebrann, og berre kort tid etter ionisk på ein flammebrann.

4. Røykvarslaren skal kunne høyras frå alle rom. Få ein person i familien til å trykke på røykvarslarnes testknapp medan du går frå rom til rom. Ein godkjend røykvarslar skal gi 60 dB, dette lydnivået kan samanliknas med å stå ein meter unna ein støvsugar.

5. Seriekople røykvarslarane. Har heimen din fleire etasjar? Då bør du seriekople alle røykvarslarane slik at dei gir alarm samstundes, uansett kva slags røykvarslar som har utløyst alarmen.

6. Test røykvarslarens batteri og elektronikk. Du bør jamleg teste at batteri og elektronikk fungerer som det skal. Har du vore bortreist i meir enn 14 dagar, anbefaler vi at du sjekkar røykvarslarane når du kjem heim.

7. Test røykvarslarens detektor. Du bør jamleg teste at røykvarslarane reagerer på røyk ved å tenne en spesialfyrstikk.