Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Feiaren kjem

Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Du kan avtale nytt tidspunkt, dersom tidspunktet ikkje passer.

For at det skal feiast må det vere klargjort (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast).

Dersom det ikkje er klargjort vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.

Stige/trinn på tak

Der er krav om at feiaren skal ha ein stige eller trinn på taket for å utføre jobben forsvarlig og i henhald til forskrifta.
Me oppmodar derfor alle til å montere stige eller trinn på taket.

Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak.
Nokon tak, slik som torvtak, kan dei gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is.
Ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast.

Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året.

Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, kontakt Hallingdal brann- og redningsteneste IKS.