Statusoppdatering – påske 2026
Det har vore god framdrift i prosjektet den siste tida. Dei siste vindauga er no monterte, og bygget er tett før påske.
Det vil vere aktivitet på byggeplassen måndag, tysdag og onsdag i veke 14.
Deretter blir det påskeferie, og det vil ikkje vere aktivitet på anleggsområdet fram til tysdag 7. april. Området vil vere rydda og sikra i perioden.
Arbeidet blir teke opp att etter påske, med vidare framdrift både utvendig og innvendig som planlagt.
Vi ber publikum vere merksame og vise omsyn ved ferdsel i og rundt anleggsområdet
Statusoppdatering 17.03
Dei siste vekene har det vore god framdrift i prosjektet. Arbeidet med utvendige fasadar, inkludert montering av vindauge og dører, er godt i gang. Det er planlagt å få bygget tett før påske.
Innvendig pågår arbeid med etablering av brann- og lydveggar, samt tekniske installasjonar i veggar og tak.
Desse arbeida vil halde fram i vekene som kjem og vil gå parallelt med vidare framdrift i bygget.
I vekene framover vil det vere fokus på vidare arbeid både utvendig og innvendig, med aukande aktivitet etter kvart som bygget blir tett.
Vi ber publikum vere merksame og vise omsyn ved ferdsel i og rundt anleggsområdet, då det framleis vil vere ein del anleggstrafikk i periodar.
Statusoppdatering 20.01
I vekene framover vil det bli gjennomført montering av utvendige veggelement på prosjektet.
Elementa vil bli leverte både via Svøovegen og Sagvegen, noko som kan medføre auka anleggstrafikk i området i periodar.
Det vil også gå føre seg brønnboring og dessutan ein del andre utvendige arbeider framover.
Vi ber publikum om å vere merksame og vise omsyn ved ferdsel i og rundt anleggsområdet.
Dronebilete 18.12.25

Statusoppdatering 12.12.25
Arbeidet med Barnas Hus held fram som planlagt. Denne veka blir det utført montering av takelement og enkelte veggelement. Montering av takelement skjer frå måndag til torsdag.
Takelementa blir levert med trailer via Svøovegen, noko som vil medføre auka anleggstrafikk i området denne veka.
Vi ber publikum om å vere merksame og vise omsyn ved ferdsel i området.
Statusoppdatering 05.12.25
Arbeidet med Barnas Hus går framover som planlagt. Montering av stålkonstruksjonar held fram, og arbeid
med montering av hulldekker er i gang. Montering av tak er planlagt å starte i veke 51.
Måndag 8. desember vil det bli gjennomført sprenging av grøft ved barnehagen. Sprengingsarbeidet blir gjennomført i periodar der skulen ikkje har elevar ute i friminutt. Vi oppmodar publikum om å vere merksame på arbeidet denne dagen.
På grunn av glatte forhold den siste tida har entreprenør måtta nytte den nedre innkøyringa for lossing av hulldekker.
Dette kan gi noko ekstra anleggstrafikk i området, og vi ber alle som ferdast forbi om å vise særleg aktsemd.
Statusoppdatering 20.11.25
Arbeidet med Barnas Hus går godt framover. Denne veka (veke 47) har krana kome på plass, og montering av stålsøyler er i full gang. Dette arbeidet held fram dei næraste vekene, etterfølgt av montering av stålbjelkar.
Når stålkonstruksjonane er ferdige, startar montasje av hulldekker.
Dette markerer eit viktig steg i byggeprosessen og gjer at bygget vil begynne å ta tydeleg form.
Vidare framover vil det òg bli montert lett tak over bygget. I same periode blir ytterveggene monterte på avlastingsdelen.
Det vil, som tidlegare, vere noko anleggstrafikk i området, og vi oppmodar alle som ferdast forbi byggeplassen om å vere ekstra merksame.
Kommunen vil leggje ut nye oppdateringar etter kvart som prosjektet går framover.
Statusoppdatering 10.11.25
Fundamenteringa for Barnas Hus nærmar seg ferdigstilling.
Det meste av uttransport av massar er nå gjennomført, og bygget er klart til å reise seg.
I veke 47 vil ein begynne å sjå konturane av bygget komme opp.
Samtidig vil det gjennomførast gravearbeidar ved gangvegen/kulverten under Svøovegen der vil trafikken flyttast midlertidig for og sikre mjuke trafikantar. Som ei positiv nyheit opnar gangvegen ved Sagvegen igjen i same periode.
Illustrasjoner av ferdig bygg
