Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Oppmåling og frådeling

Frådeling av tomt/oppmålingsforretning

For å få frådelt ei tomt, må grunneigar først søke kommunen om frådeling. Søknad skal fremjast på eige skjema som du får hos kommunen, eller dei kan hentast ned frå nettet (kartverket.no).

Rekvisisjon av oppmålingsforretning for frådeling av tomt, grensejustering / makebyte m.m. sender du til:

Gol kommune /v Utbyggingsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Nødvendige skjema og kartgrunnlag

Det er eigar av eigedomen (heimelshavar) som skal underteikne aktuelle søknadspapir.

  1. Skjema og oppskrift for nabovarsel kan du finne på Direktoratet for byggkvalitet sine heimesider (dibk.no).

  2. Nødvendig kart / oversiktskart som viser kva ein ynskjer frådelt. Marker arealet med farge.

Bekreftelse på nabovarsling, rekvisisjon av oppmålingsforretninga og nødvendig kartgrunnlag skal leverast samla til kommunen. Dei same skjema skal brukast ved grensejustering / tilleggsareal .

Grunnkart, reguleringskart og eigedomskart kan leverast av Gol kommune, Utbyggingsavdelinga eller Statens kartverk OSLO.

Ved å gå inn på internettportalen "Kommunekart (kommunekart.com)", kan ein óg få tilgang på kart.

Alle kart kan leverast i både analog (papirkart) og digital form.
I nokon høve kan visse temakart leverast.

Det er eigar av eigedomen (heimelshavar) som skal underteikna aktuelle søknadspapir.

Saksbehandling og saksbehandlingstid

Saksbehandlingsgebyr blir fakturert og må vera betalt før saksbehandlinga tek til og etter at klagefristen på 14 dager (etter at partene har motteke nabovarselet) er gått ut.

Oppmålingssaker blir behandla etter Plan- og bygningslova og i samsvar med overordna gjeldande reguleringsplan / kommuneplan. Det kan søkjast om dispensasjon i dei tilfelle der søknaden i utgangspunktet strir mot gjeldande overordna planar og arealføremål.

Er søknaden i samsvar med gjeldende overordna planer og lovverk, vil det væra omlag ein månad saksbehandlingstid dersom dokumentasjonen er tilfredsstillande. Dersom saka er meir kompleks og strir mot overordna planar og lovverk, må lengre saksbehandlingstid påreknast.
Det kan væra fleire instansar som skal gje uttale.

Vidare saksbehandling etter at søknaden er godkjent vil skje etter føresegnene i Matrikkellova frå 2010. Søknaden blir registrert i oppmålingsjournalen og lagt på vent til tidspunktet er inne for å beramme oppmålingsforretning.

Vi gjer særskilt merksam på at tidsfristar for gjennomføring av oppmålingsforretning er tilsidesett i perioda 15.oktober til 15. mai

Tomtemåling

Frådeling av tomt skjer normalt i samband med at det avholdes oppmålingsforretning.

Kontaktinformasjon

Oppmålingsingeniør
Knut Ohnstad
Telefon: 32 02 90 68
E-post: knut.ohnstad@gol.kommune.no