Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Eigedomsskatt

Promillegrunnlag

Næringseigedommar, verk og bruk: 7 promille av takst.
Bustader og fritidseigedommar: 2 promille av takst.

Gol kommune innførte eigedomsskatt frå 1976

Eigedomsskatten omfattar eigedomar i regulert område, - i område som heilt eller delvis er utbygde på byvis - og på verk og bruk i heile kommunen.I tillegg til verk og bruk i Gol er grensene for tettstad-skattlegginga (eigedomsskatten) avgrensa til kommunedelplanen for Gol sentrum. Eigedomane skal dessutan inngå i reguleringsplanar eller vera forsynt  (tilrettelagt for å bli forsynt) via kommunalt ledningsnett med eller kloakkavløp, eller kommunal veg.

Desse eigedomane er fritekne for eigedomsskatt:

  • Eigedom til stifting eller institusjon som har som føremål å gagne ein kommune, eit fylke eller staten og slik utfører verksemd på vegne av det offentlege
  • Eigedom som har historisk verdi og som er regulert "bygningar av kulturhistorisk verdi"
  • Eigedom som blir driven som gardsbruk eller skogbruk

Gol kommunestyre vedtok 15.12.2009 å utvide området for eigedomsskatt til å omfatte heile kommunen, altså ikkje lengre avgrensa geografisk til tettstaden Gol. Ordninga skulle være gjeldande frå og med 01.01.2011.

Takseringsprinsipp, rammer og retningsliner for eigedomsskatt i Gol kommune

Revidert takseringsprinsipp (PDF)

Kvifor eigedomsskatt og til kva slag bruk

Eigedomsskatten er ein fiskal skatt dvs. den er ikkje lovmessig øyremerka og kommunestyret avgjer sjølv kva desse skatteinntektene skal gå til. For kommunen er desse inntektene til fri bruk og kan t.d. gå til drift av kommunale tenester eller investeringar.

At skatteinntektene ikkje er øyremerka bestemte formål er også grunn til at vedtak om å innføre eigedomsskatt, eller å utvide området slik at Gol kommune har gjort, er vedtak som må bli gjort i tilknytning til budsjett og økonomiplan.

Eigedomsskatt er ein ordinær måte for ein kommune å skaffe seg inntekter på og blir ikkje delt med fylkeskommune og stat slik som skatt på inntekt og formue. Kommunen gjer sjølv øyremerkinga gjennom ordinære vedtak knytt til budsjett og økonomiplan.

Grunnlag for skatteberekninga

Takst på eigedom skal spegel marknadsverdien, slik at det står i Eigedomsskattelova §8 A-2

Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.

Takstbeløpet som takstnemda kjem fram til står fast i 10 år dersom ikkje tilhøva til eigedomen endrar seg eller kommunestyret gjer anna lovheimla vedtak.

Eigaren har innsynsrett i korleis taksten er berekna.

Taksering

Sist det var taksering for eigedomsskatten var i 2021. Då vart alle skattepliktige eigedomar i Gol taksert. Ny taksering skjer normalt kvart 10. år.

Skattetakst blir fastset av Sakkunnig takstnemnd. Taksten vil byggje på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.

Faktaopplysningar er opplysningar som ligg inne i offentlege register der "Matrikkelen" er hovudkjelde. Viktige opplysningar er eigars adresse, areal på bygningar, etasjar og tomt, når bygningar er oppført og teke i bruk.

Manglar det arealmål vil det ved synfaring av eigedomen blir utført oppmåling og nødvendige registreringar for takseringa, t.d. manglande opplysningar om areal og årstal for når bygningar er tekne i bruk.

Taksten av ein eigedom - basert på faktagrunnlag og skjønn

Matrikkelen er det offentlege eigedomsregisteret som er grunnlaget for faktainformasjonen ved utrekningar av eigedomsskatten.

Skjønnsmessige vurderingar

Omfattar generelle tilhøve om eigedomsverdiar og spesielle tilhøve som påverkar verdien. Synfaringar av eigedomane er meint å fange opp dei spesielle tilhøva og er avgrenasa til ytre synfaring. Synfaringa inkluderar å gå rundt og å ta bilde av bygningane. Eigar har sjølvsagt rett til innsyn i bilde og data som blir registrert på eigedomen.

Bustadeigedomar

Hytter, hus (inkludert bustad på gardsbruk) og som regel garasje, sorterar under kategori bustadeigedom. Gardsbruket (landbrukseigedomen) elles er unnateke skatteplikt for eigedomsskatt.

Næringseigedomar

 i hovudsak er det

  • lokale til kontor, verkstad, butikk, verksemder for sørvis, servering, overnatting m.m
Fakturagrunnlag

Tal på bueiningar skal framgå av Matrikkelen. Ei bueining skal vera godkjent for varig opphald, har eige inngang, kjøken, bad og wc.

Bruksareal (BRA) omfattar areal innafor yttervegg, også bod, trapperom og andre rom som ikkje er buareal, og er nærare omtala i Norsk Standard (NS)

Finn eigar feil eller manglar i faktaopplysningar må eigedomsskattekontoret få melding pr post eller e-post. Alle arealkorrigeringar på tomt/bygningar skal vera dokumenterte.

Ei sjekkliste på fakta er spesielt for desse punkta

  1. Riktig eigar og adresse, eventuelt viss annan person enn eigar skal betale skattekravet
  2. Riktig eigedom, gardsnr., bruksnr. eventuelt festenr. eller serienr. v/seksjonerte e.d.
  3. Tal bueiningar på eigedomen - som må samsvare med registreringane i Matrikkelen
  4. Er alle bygningane på eigedomen med? (bygningar større enn 15 kvm)
  5. Om areal pr. etasje er riktig
  6. Om bygningstype er riktig
Ymse døme

Nokre døme på andre element som takstnemda kan ta med i sine vurderingar

Etasjefaktorar på bygningar

Hovudetasje blir sett til faktor 1.0

  • for dei andre etasjane blir det brukt omrekningsfaktorar for å kome fram til eitt arealtal der etasjane blir vekta til eit felles nivå som kan multipliserast mot ein kvadratmeterpris

Underetasje faktor 0,5 - 0,8 Kjellar faktor 0,2 - 0,5 Loft faktor 0,3 - 0,5

Sjablongverdiar (gjennomsnittsverdiar)

  • pris pr kvm etter at etasjefaktorane er vekta blir også fastsette etter sjablongverdiar
  • pris pr kvm på tomt - kan blir gruppert på type tomt, bustadtype, type næring, type eigedom
  • pris pr kvm på bygningsareal - også aktuelt med gruppering på bygningstype
  • sonefaktorar for bestemte område i kommunen

Skjønnsmessig vurdering

Ytre faktorar som kan leggjast inn i ut over generell marknads- og omsetningsvurdering er tilhøve knytt til slik som

  • tilkomst og annan infrastruktur som tilknytning til elektrisk ledningsnett
  • trafikktryggleik og støy
  • omsetningstal for eigedomar i Gol i dei tre siste åra, henta frå Statens Kartverk

Indre faktorar, tilsvarande

  • byggetekniske tilhøve, standard/kvalitet
  • vedlikehaldsgrad, generelt inntrykk
  • opparbeiding av tomt
  • spesielle tilhøve, som antikvariske
Samanlikning av eigedomsskatten i 2021 med 2020

Retaksering
Gol kommune innførte eigedomsskatt i heile kommunen i 2011. Eigedomsskattelova §8 A-3 fastslår at all eigedom skal verdsettast ved takst. Det er Sakkunnig takstnemnd som vedtek taksten på bakgrunn av forslag frå synfaringsfolk. All eigedom må retakserast kvart tiande år. Taksten skal etter §8 A-2 settast til beløpet ein må gå ut frå at eigedomen etter si standard, storleik, bruk av areal og plassering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Eigedomsskatten tek ikkje utgangspunkt i dei enkelte bygningane. Det er ei samla vurdering av eigedomen på grunnlag av mellom anna storleik, bruk av areala og type bygningar. Når det er registrert fleire bygg av ulik standard på eigedomen, får eigedomen ein indre faktor som skal ta omsyn til variasjonane i bygningsmassen. Denne taksten kan bli nytta som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten i 10 år. Gol kommunestyre vedtok difor at det skulle gjennomførast ny alminneleg taksering av alle skatteobjekt i Gol, som grunnlag for eigedomsskatten frå 2021.

Reduksjonsfaktorar
Ved fastsetting av takst blir det i Gol nytta nokre reduksjonsfaktorar. Det blir nytta aldersfaktor til reduksjon av takstverdien. I statsbudsjettet for 2020 vart det vedteke at alle bustader og fritidsbustader skal ha ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30% i eigedomsskattetakstane. I tillegg blir det brukt takstsoner for bustadhus. Bustader som ligg utanfor sentrum har ein reduksjon i eigedomsskatten. Bustader som ligg nært sentrum og andre grender har 10% reduksjon, bustader som ligg fjernare har 30% reduksjon.

Eigedomsskatt 2023

Eigedomsskattelista for Gol kommune er utlagt til offentleg ettersyn på Gol kommunehus, Tenestetorget og på Gol biblotek i seks veker frå 01.03.2023.

Klage som vedkjem fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Klage på utskriven skatt skal sendast skriftleg til Gol kommune innan 12.04.2023.

Gol kommune, Eigedomsskattekontoret, Gamlevegen 4, 3550 Gol.

Eller postmottak@gol.kommune.no

Kontaktinformasjon

For spørsmål om utrekning av eigedomsskatt kontakt

Knut Ohnstad
Telefon: 32 02 90 68
E-post: knut.ohnstad@gol.kommune.no

For spørsmål knytta til faktura for eigedomsskatt kontakt

Synnøve Kristiansen
Telefon: 32 02 90 78
E-post: synnove.kristiansen@gol.kommune.no