Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Eigedomsavdelinga

Tilpasningstilskot

Dersom du treng økonomisk støtte til å tilpasse bustaden din for fortsatt å kunne bu der, kan du no søkje kommunen om økonomisk støtte til dette.

Fleire eldre og personar med funksjonsnesettelse ynskjer å bu heime i eigen bustad så lenge som mogleg. Tilskot til tilpassing kan i mange tilfelle vere eit viktig virkemiddel for å få dette til.

Tilskotet er ein offentleg støtteordning som kan bidra til at du kan bli buande i bustaden din, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Ein kan søkje om støtte til enkle tiltak, som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden.

Til større ombyggingar kan dere søkje om å få tilrettelagt bustaden i forhold til brukaren sin funksjonshemming. Familiar med funksjonshemma born er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet

Kommunane vil ikkje bruke absolutte inntektsgrenser i slik saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal gjerast ut i frå ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt. Dette skjer etter at tilpassingstiltaket gjennomført.

Bustadhygiene - rettleiing om inneluft og inneklima

Kommunen kan på førespurnad gjennomføre målingar av inneklima som kan kartleggje CO2-innhald, temperatur, relativ råme, muggsopp, støv og radoninnhald i inneluft.

Ta kontakt med miljøretta helsevern (mhvh.no) dersom du ynskjer å få meir informasjon.

Søknadsskjema for kommunal bolig

Søknadsskjema (skjema.no)