Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Adressering

Generell informasjon - namn og adresser

I media har det dei seinare åra vore fleire oppslag om ambulansepersonell som har vanskar med å finne fram, noko som kan gå på liv og helse laus. Det same gjeld når politi og brannvesen rykkjer ut.

For drosjer, ved post- og varelevering og for kvar einskild av oss, betyr det mykje at vi har eit enkelt og lettfatteleg adressesystem.

Statens kartverk har som mål at alle husstandar, hytter og bedrifter (brukseiningar) i landet skal vera adressert med vegnamn og husnummer innan utgangen av 2014.

I Gol kommune har ca. 46 % av brukseiningane vegadresser ved utgangen av august 2014. Grunneigarane får tilsendt kart og informasjon om kva husnummer dei er tildelt, og har 3 vekers uttalefrist.
Grunneigarar, og aktuelle lag og lokale organisasjonar, vil bli invitert til å koma med forslag til namn på dei vegane som ikkje har fått noko formelt namn enno.

Innbyggarane i Gol kommune er velkomne til å engasjere seg i prosessen, vi tek imot innspel og forslag til vegnamn undervegs.

Utval for Kultur og levekår er vårt organ som fattar vedtak om namn, utbyggingsavdelinga er dei som set vedtaket ut i «livet» ved å gjennomføre omadressering og varsling.

Vi håpar at de ser kor viktig dette arbeidet er, og – aller viktigast – at de lærer dykk og brukar den nye adressa de får tildelt.

Nødplakat

Medan du ventar på å få tildelt adresse, kan du skrive ut ein nødplakat (sjå under) slik at utrykkingskøyretøy kan finne fram.

Nødplakat (kartverket.no)

Kontaktinformasjon

Sakshandsamar
Sigrid Breivik
Telefon: 32 02 90 65
E-post: sigrid.breivik@gol.kommune.no