Valkort
Valkortet er fyrst og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet.
Alle som har røysterett får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er denne adressa som avgjer i kva kommune du har røysterett og står i manntalet.
Valkortet blir sendt ut digitalt. Ved å laste det ned på en smarttelefon er det enkelt å ha det tilgjengeleg når du skal røyste.
Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, vil få valkortet tilsendt på papir.
På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.
Du må ikkje ha med deg valkortet for å røyste, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil gå raskare for deg å røyste. Har du ikkje motteke valkort digitalt eller i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å røyste.
Valkorta blir sendt ut før førehandsrøystingperioda tek til 10.august.
Her kan du sjå døme på korleis det digitale valkortet såg ut i 2021 (valg.no)
Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.
Legitimasjon
Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimere seg.
Ta difor med legitimasjon når du skal røyste, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.
Døme på legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilete. Du kan og bruke annan legitimasjon. Minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilete. Det er opp til røystemottaker å vurdere om legitimasjonen du har med kan godkjennast.
Om du er bebuar ved ein helse og omsorgsinsutisjon og ikkje har legitimasjon, kan ein tilsett gå god for deg. I slike tilfelle må den tilsette legitimere seg.