Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Planprosess for reguleringsplan

Ein reguleringsplan er ein plan for eit avgrensa område. Planen er politisk vedteken, og kommunen sin måte og styra utviklinga i eit område på.

Vanlege fasar i ein planprosess

Oppstartsmøte

Før planarbeidet startar opp, må forslagsstillar ha eit møte med kommunen om planarbeidet.

I møte gir kommunen rammer og føringar for planarbeidet. 

Varsling

Forslagsstillar skal varsle start av planarbeidet. Dette gjer ein ved kunngjering i avis på staden og gjennom sosiale medium.

Samt å skrive til aktuelle høyringsinstansar og parten det gjeld, som grunneigarar og naboar. 

Planforslag

Forslagsstillar utarbeider eit planforslag med bakgrunn i rammer og føringar frå kommunen, og innspel til planforslaget som har kome i samband med varslinga.

Det blir stilt spesielle krav til innhaldet og kvaliteten i planleveransen. 

Planforslaget blir sendt inn til kommunen, som gjennomgår det innsendte materiale og førebur saka for 1. gongsbehandling. 

1. gongsbehandling

Ved 1. gongsbehandling føreligg det eit konkret forslag til reguleringsplan. Forslaget består av eit plankart og eit sett med føresegner.

I tillegg føreligg det eit saksframlegg utarbeidd av administrasjonen i kommunen. 

Offentleg ettersyn - høyring

Når planen er 1. gongsbehandla, blir den sendt ut på høyring til alle partar det gjeld, og aktuelle høyringsinstansar.
Den blir også annonsert i avis og gjennom sosiale medium.

I høyringsperioden kan partane og høyringsinstansane kome med innspel og merknader til planen. Høyringsfristen er minimum seks veker. 

2. gongsbehandling

Når høyringsfristen har gått ut, ser administrasjonen gjennom alle innspel og merkner, og førebur ny politisk behandling.

Reguleringsplanen blir 2. gongsbehandla i Utval for Natur og Næring, før den blir sluttbehandla i kommunestyret. 

Vedtak

Kommunestyret vedtek reguleringsplanar. Når reguleringsplanen er vedteken, er den juridisk bindande. Det betyr at utbygging må skje i medhald av plan. 

Den politiske behandlinga av planar kan følgjast via den politiske møtekalenderen (PDF)

Kunngjering av vedteken reguleringsplan og moglegheit for klage 

Etter vedtak skal reguleringsplanen bli kunngjort.
Partane det gjeld og aktuelle høyringsinstansar blir varsla om dette gjennom brev.

Kunngjeringa blir gjort i avis og gjennom sosiale medium.
Partane det gjeld har moglegheit til å klage på reguleringsplanen.
Klagefristen er tre veker etter mottatt vedtak.

Klagen sendast til kommunen per e-post: postmottak@gol.kommune.no