Korleis vil du at Gol sentrum skal være?

Vi skal lage ein plan for Gol sentrum
I samband med revidering av samfunnsdelen og arbeidet med tettstads- og sentrumsutvikling på Gol, skal vi i avdeling for plan og utvikling gjennomføre ein behovskartlegging av Gol sentrum.
Målet er å finne ut kva du som innbyggjar meiner om sentrum, kva du likar eller ikkje likar, kva du meiner kan bli betre og kva du drøymer om i sentrum. På den måten kan du vere med på å påverke innhaldet kommunen sitt planarbeid og prosjekt vidare.
Oppdatering
Behovskartlegginga er avslutta og rapporten med funna er ferdig. Takk til alle som har delteke via undersøkinga, på workshopar, på sentrumsvandring, gjennom samtalar og oppsøkande intervju.
I rapporten kan ein lese om funna som er gjort innanfor kvar enkelt gruppe, men òg kva for funn som går igjen på tvers av brukargruppene.
Les rapporten for behovskartlegging Gol sentrum (PDF)
Korleis gjennomfører vi kartlegginga?
- Digital spørjeundersøking – open for alle innbyggjarar
- Oppsøkande intervjuar – intervju med representantar frå ulike brukargrupper
- Gjennomføring av Barnetråkk – allereie gjennomført i 5. og 7. trinn
- Stand med politikarar – laurdag 22. november
Kva for brukargrupper har vi?
- Unge golingar
- Barneskuleelevar
- Ungdomsskuleelevar
- VGS – elevar
- Vaksne golingar
- Unge vaksne – under 40 år
- Studentar/folkehøgskuleelevar
- Nye golingar – har budd her mindre enn 5 år
- Attendeflyttarar
- Foreldre
- Den gjengse goling
- Næringsgolingar
- Eldre
- Hyttegolingar
- Unge vaksne – under 40 år
Når går kartlegginga føre seg?
Intervjuar og møter vil bli gjennomført i perioden 17. – 30. november
Kva skjer etter kartlegginga er gjennomført?
Alle resultat blir gjort anonyme innanfor si gruppe. Resultata blir samanstilt i ein rapport som blir gjort tilgjengeleg for alle på denne sida. Rapporten skal brukast som underlag i det vidare arbeide med samfunnsdelen og arbeidet med tettstad- og sentrumsutvikling.
Kven kan eg kontakte dersom eg lurer på noko om kartlegginga?
Pernille Landrø, Kommunearkitekt