Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skjenkeløyve

Løyvet vert gitt for inntil fire år om gongen. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdratt til andre. Verksemda som tek over kan bruke det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnad er at søknad om nytt løyve er sendt kommunen innan 30 dagar etter inngått avtale.

Alle som driv ein serveringsstad som vil servere alkoholhaldig drikk, må ha skjenkjeløyve. Det er eit krav om serveringsløyve og god vandel.

Løyvehavar må ha styrar og stedfortredar som begge er tilsett ved serveringsstaden.

Styrar og stedfortredar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova og må vere over 20 år.

Dei må oppfylle krava i alkohollova (lovdata.no) og serveringslova (lovdata.no).

Søknad vert avgjort av kommunestyret.

Korleis få skjenkeløyve?
  • Skjenkestyrar og vikar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve.
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve.
  • Skjenkestyrar og vikar må vere over 20 år.
  • Skjenkestyrar og vikar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Det er krav om uklanderleg vandel

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart.

Elektronisk søknadsskjema (skjema.no/gol)

Vedlegg du må ha med i søknaden:

  • Firmaattest: for alle selskap som er involvert i drifta.
    Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • Skatteattest: for driftsselskapet.
    Du kan bestille skatteattesten på altinn.no
  • Stadfesting på registrering i MVA-registeret
  • Dokumentasjon på eigarinteresser
  • Dokumentasjon på skjenkestyres og vikar si tilsetting i verksemda
  • Planteikningar med avmerking for inne- og ute servering
  • Dokumentasjon på registrering hos Mattilsynet
  • Vitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at skjenkestyrar og vikar har greidd prøven.
  • Konseptutgreiing: opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden. Beskriv grundig! (leggast inn som vedlegg i eiget dokument)

Lov, forskift og lokale vedtak

Alkohollova

Lov om omsetning av alkoholhaldig drikk m.v. (alkohollova) – (lovdata.no)

Alkoholforskrifta

Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk mv. (alkoholforskrifta) – (lovdata.no)

Alkoholpolitiske retningsliner

Alkoholpolitiske retningsliner for Gol kommune 2020–2024 (PDF)

Serveringslova

Lov om serveringsverksemd (serveringslova) – (lovdata.no)

Søknadsskjema om skjenkeløyve

Skjenkeløyve - søknad (skjema.no) (elektronisk skjema)
Skjenkeløyve - søknad (PDF) (utskriftsskjema)

Skjenkeløyve for eit særskild høve (skjema.no) opent arrangement
Skjenkeløyve for eit særskild høve (skjema.no) lukka arrangement

Kontaktinformasjon

For spørsmål og saksbehandling kontakt:

Konsulent ESIF

Tøllev Brøndbo Kirkebøen

Telefon: 32 02 91 62

E-post: tollev.kirkeboen@gol.kommune.no

For bestilling av tid til prøve kontakt:

Tenestetorget

Telefon: 32 02 90 00

E-post: tenestetorget@gol.kommune.no