Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Etablerer-og kunnskapsprøva

Etablerarprøva skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om drift, økonomistyring og lovgiving.

Kunnskapsprøva er ei obligatorisk prøve i alkohollova som må vere bestått av styrar og stedfortredar for å få sals- eller skjenkjeløyve for alkohol.

Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre og rette etablerarprøva og kunnskapsprøva. Det er krav om gyldig legitimasjon ved oppmøte for å ta prøvene.

Opplysningar om kunnskapskrav og pris per prøve får ein i kommunen. Ein betalar avgifta på 400,- på prøvedagen.

Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Det blir sett av 90 minutt for elektronisk svar på prøva. Kandidatar som leverer svaret på papir, får i tillegg 10 minutt til å overføre svara til kolonnane på framsida av prøva. For å greie prøva må 40 av 50 svar væra rette.

Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å bestå prøva må 24 av 30 svar væra rette. Det er ikkje lov med andre hjelpemidlar enn ordbok.

Klage

Du kan ikkje klage på resultatet på etablerarprøva eller kunnskapsprøva, men prøvane kan takast om igjen.
Nytt gebyr må betalast for kvar prøve.

Kontaktinformasjon

For spørsmål og saksbehandling kontakt:

Avdelingsleiar ESIF

Trine Eidsgaard

Telefon: 992 25 618

E-post: trine.eidsgaard@gol.kommune.no

For bestilling av tid til prøve kontakt:

Tenestetorget

Telefon: 32 02 90 00

E-post: tenestetorget@gol.kommune.no