Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Jakt, fiske- og viltforvaltning

Vakttelefon til Viltnemda 916 73 939

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at fiske- og viltressursane vert nytta på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte.
Forvaltning av hjortedyra elg, hjort og rådyr vert utført i samarbeid mellom næringsutøvarane i landbruket og kommunen, representert ved vilt- og innlandsfiskenemda.

Storparten av utmarksområda i kommunen er organisert i bestandsplanområder, og viltnemda tildeler kvart bestandsplanområde årlege fellingsløyver i h.h.t. føremåla i viltlova.

Tilskotsordningar

Avdelinga handsamar og-/eller gjev uttale på fylgjande søknader:

  • Kalking av vassdrag
  • Ulike viltprosjekt
  • Erstatning grunna beiteskader frå storvilt

Frå kommunen sitt fiskefond blir det ein gong i året gjeve tilskot til tiltak som fremjar fiskeforvaltninga i kommunen.

Fellingsløyve og fellingsavgift

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren.

Fellingsløyve for elg, hjort og rådyr blir tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad.
For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.

Grunneigaren kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for vald som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort.
Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden.

Det må ligge føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr, villrein og bever.

Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr jf. Viltlova § 16 og § 40 andre ledd.

Miljødirektoratet fastsetter maksimumsnivå på fellingsavgifter på hjort, elg og villrein. Gol kommune har vedteken å følje satsene.

Gjeldande satsar for fellingsavgiftene kan du finne hos Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Jegerprøva

Alle som skal drive jakt i Norge, må vere registrert i jegerregisteret og ha betalt jegeravgift. For å bli registrert i jegerregisteret må ein ha deltatt på eit jegerprøvekurs og bestått jegerprøveeksamen. 

Kommuen har ansvar for å arrangere jegerprøveeksamen i samband med Norges jeger- og fiskeforbund (njff.no).

Jegerprøva kan takast av alle som er 14 år eller eldre.