Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

ValHal elgregion

Kven er Valhal Elgregion?

ValHal elgregion er kommunane Vang, Vestre-Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal i Valdres og kommunane Hemsedal, Gol, Nes og Flå i Hallingdal. Vassdraga Hallingdalselva og Begna er avgrensning i henhaldsvis vest og aust. Området er omlag 3 millionar dekar.

Elgregionsamarbeidet tok til i 1994 og er i dag meir eit møtestad for utveksling av informasjon kring elgens bestandsstorleik og kondisjon.
Det har i ei årrekke vert samal inn data etter kvar jaktsesong og dette resulterer i at ein i dag har god oversikt over samla elgtettheit og bestandskondisjon.

Bestandsvurderingar for elg i regionen

Aldersregistrering av skutte elg i ValHal er gjennomført for alle kommunene de seneste år, og det er gjort beregninger av utviklinga av tetthet, produksjon og struktur i elgbestanden for perioden 1986-2013.

Det er Faun Naturforvaltning som hvert år lager en rapport basert på innsamlet materiale fra jegerne.

Elgtettheten etter jakta 2013 er beregnet til om lag 1800 elg. Bestandskondisjonen er samlet sett på et brukbart nivå og har de siste år vært relativt stabil.

Kjønnsforholdet har de senere år blitt noe skjevere, og det ble i 2013 observert 1,8 ku per okse. Det er tilnærmet det samme som i perioden 1998-2004.

Det blir anbefalt at jaktuttaket blir holdt oppe for å legge til rette for en stabil, eller noe redusert elgtetthet for ValHal sett under ett.

Bestandsvurdering - rapport

Faun rapport 016-2014 Aldersregistrering og bestandsvurdering av elg i ValHal etter jakta 2013 (PDF)

Elgprosjektet

I 2014 har 33 elg blitt utstyrt med GPS-sendar for å kunne gje forvaltninga svar på spørsmål kring adferd og trekk mellom sommar - og vinterbeite.

Dyra kan følgjast på http://www.dyreposisjoner.no

Det er alle kommunane i ValHal-elgregion i tillegg til Hol og Ål som står bak forskningsprosjektet som vert leia av Norsk institutt for naturforskning (NINA). I tillegg til kommunane er Miljødirektoratet, Jernbaneverket, Viken fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Vilt og Trafikk Hallingdal og Hallingdal Skogeigarlag økonomiske bidragsytarar.

Alle dei merka dyra skal følgast over 2 år, og prosjektet er ferdig i 2017.

Prosjektbeskrivelse

Elgprosjektet - Prosjektbeskrivelse (PDF)

Foring av elg

Vilt - og innlandsfiskenemnda i Gol vedtok hausten 2012 ny 
foringsplan (PDF) for elg i Gol kommune med tidshorisont 2012 - 2017.

Planen byggjer vidare på den fyrste foringsplanen til kommunen (2008 -2012).

Elgbeitetaksering

I Gol vart det starta med beitetaksering i 2005. Bakgrunnen for dette var at den kraftige veksten i elgstammen i Hallingdal på 1990-talet. Store skogskader og auke i elgpåkjørsler tyda på at elgstammen var for stor i forhold til beitegrunnlaget.

Takseringa konkluderte da også med at ROS-artane var klart overbeita på alle bestand. Furu vart også overbeita i 60 % av bestanda.

Det vart også taksert elgbeiter i 2006 og 2007, medan det i 2008 ikkje vart taksert. I 2009 og 2011 vart det gjort ny taksering som konkluderer med at rekrutteringa av beiteplanter i gruppa ROS til forproduksjon er nærmast fråværande, då desse plantane vert beita so hardt at dei unntaksvis når høyder over 1 m.

I 2013 er dei fleste av prøveflatene taksert på nytt, og dessverre har ikkje situasjonen vorte betre.
Framleis er beitegraden på ROS-artane nesten 100 %.

For furu og bjørk er situasjonen betre. Desse er imidlertid også så hardt beskatta at dei over tid vil minske i tilgjengeleg forproduksjon. Ein reduksjon i beitebelastningen, med færre dyr, må derfor til. Neste taksering skal skje i 2016.

Rapportar

Beitetakst Gol 2009 (PDF)

Beitetakst Gol 2011 (PDF)