Tankar som ikkje er i bruk
Nedgravne oljetankar som mellombels tas ut av bruk, skal tømmast for olje og sikrast slik at utilsikta påfylling ikkje kan førekome. Tankar som permanen tas ut av bruk, skal bli tømt og gravd opp.
Kommunen kan i særlege tilfelle gi løyve til at tankar som permanent tas ut av bruk blir reingjort og fylt med sand eller grus i staden for oppgraving.
Meld frå om at oljetanken er sanert (PDF).
For deg som skal bruke tanken vidare
Har du planar om å bruke tanken vidare til biofyringsolje elelr bioparafin, må tanken klargjerast for dette.
- Tanken må bli tømt og reingjort. Ta kontakt med eig godkjent føretak.
- Kommunen skal ha skriftleg melding om tanken skal bli brukt til biofyringsolje eller bioparafin (PDF).
Dette inkluderer tankens størrelse, konstruksjon, korrosjonsbeskyttelse og alder. - Gjennomføre periodiske tilstandskontrollar av nedgrave oljetank. Kontrollen skal bli utført av eit føretak med kvalifikasjonar, og bli skriftleg dokumentert og sendt til kommunen.
Vanlege spørsmål
Gjeldt forbodet meg?
Dersom du er eigar eller bruker av eit fyringsanlegg som brukar mineralolje til å varme opp ei bygning, så gjelder forbodet deg. Forbodet gjaldt frå 1. januar 2020.
Kan eg få unntak?
Følgande bygningar har fått unntak frå forskrifta, og kan dermed bruke mineralolje til oppbevaring også etter 2020:
- fritidsbustad utan innlagt straum.
- seterbygningar utan innlagt straum.
- bygningar kor hovudformålet med forbrenningsanlegget er å levere energi til framstilling eller tilarbeiding av materialer, stoffar eller produkta.
Kan eg bruke oljefyren til biofyringsolje eller biofyringsparafin etter 2020?
Ja, regelverket er ikkje til hinder for dette. Olje av biologisk opphav (biofyringsolje, biodiesel og bioparafin basert på animalsk eller vegetabilsk råstoff) er ikkje omfatta av forskrifta, og kan derfor brukast etter 1. januar 2020.
Vi anbefaler at du får ein teknisk vurdering av om ditt anlegg er egna for bruk av biofyringsolje eller bioparafin før du tar dette i bruk. Ta kontakt med din røyrleggar om kva som må til på ditt anlegg for å kunne gå over til biofyringsolje eller bioparafin. Meir informasjon finn du på oljefri.no
Kan eg få støtte til å fjerne oljefyr eller oljetank?
Nei, dessverre. Enova støttar ikkje lenger fjerning av oljefyr og oljetank. Kommunen har heller ingen støtteordning.
Eg har litt mineralolje igjen på tanken, kan eg fyre til den er tom?
Forbodet vil gjelde all bruk av mineralske oljer uavhengig av om den nyleg er kjøpt inn eller har ligge i tanken lenge. Det er ingen overgangsperiode. Dette var blant annet ein av årsakene til at forbodet ble varsla i god tid i forvegen, slik at bustadeigarar og brukarar av fyringsanlegg kunne tilpasse bruken tidlegast mogleg.
Kva må eg gjere med oljetanken når eg ikkje lenger kan bruke den?
Oljetankar som tas ut av bruk skal sanerast og destruerast, jfr. Forurensningsforskriften kap 1, § 1-8 (lovdata.no)
Må eg grave opp tanken?
Hovudregelen er at alle tankar som permanent tas ut av bruk skal bli tømt og grave opp.
Kommunen kan gje løyve til sanering på staden om oppgraving av tanken kan medflre fare for skade/setningar på konstruksjonar eller det medføra uforholdsmessige store kostnader å grave den opp. Dette gjelder ofte om tanken ligger halvvegs under eit påbygg, inntil søyler eller fundamenter, eller under ei terrasse. Dokumentasjon på at tankem er tett er nødvendig. Dispensasjon gis av kommunen etter skriftleg søknad med grunngivning.
Kva må eg gjere om tanken skal ligge nedgraven?
Du må:
- kontakte eit godkjent firma for tømming og sanering.
- dokumentere at det ikkje er hull i tanken.
- fjerne påfyllingsrør og lufterør.
- fylle tanken med sand, grus, pukk eller lignande.
- skriftleg melding til kommunne når tanken er ferdig sanert (PDF).
Kva kan skje om eg ikkje graver/sanerer tanken min?
Ei nedgrave tank bli påverke av grunnen den ligg i og av innhaldet i tanken. Over tid kan tanken bli skada som følgje av trykkbelastning eller rusdaning, som kan føre til lekkasjer. Grunnvatn og vassdrag er særleg utsett for forureining.
Kommunen sin tilsynsmyndigheit
Registrering og tilsyn med nedgravde oljetanker- forarbeid (PDF)