Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Motorferdsel i utmark

I henhald til lov om motorferdsel i utmark (lovdata.no) og forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagt vann (lovdata.no) er det i utgangspunktet forbodt å bruke motorisert køyretøy i utmark.
Formålet med lova er ut frå eit samfunnsmessig syn å regulere motorferdsla i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen.
Utmark er i hovudsak udyrka mark. 

Veg i utmark som ikkje er opparbeida for køyring med bil, det vil si traktorveg, anses som utmark. Det same gjeld veg som ikkje er brøyta for køyring med bil. 

Køyring utan løyve

Følgande har unntak frå lova:

  • Jord- og skogbruksdrift
  •  Uttransport av felt hjortevilt
  •  Politi og redningsteneste
  • Offentleg oppsyn- og teleteneste
  • Oppkøyring av skiløypar med idrettslag m.m.
Søkje om løyve

Om du skal køyre i utmark for andre formål, må du fyrst søkje om løyve (skjema.no/gol) av kommunen. 

Søknader om løyve til å bruke snøskuter vert handsama etter lov om motorferdsel i utmark (lovdata.no) og forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagt vann (lovdata.no), samt lokal forskrift for Gol kommune (lovdata.no).

Informasjon i søknaden: 

  •  Namn
  •  Adresse
  •  Registreringsnummer på køyretøyet
  •  Formålet med køyringa 
  •  Køyrestrekning - innteikna på kart
  •  Tidsrom for når køyringa skal skje
Køyring du må søkje om løyve til

Leigekøyring

Fastbuande som treng attåtnæring, kan søkje om løyve til å ta på seg følgjande transportoppdrag for andre:

  • Transport mellom bilveg og hytte
  • Tilsyn med privat hytte på oppdrag av eigar
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • Transport for funksjonshemma
  • Transport av ved
  • Transport som det er gjeve løyve til etter § 6 ( Sjå under).

Leigekjøringsløyver blir tildelt fleire år for gongen. Ved utgangen av ein periode vil det verte høve til å søke på nytt. Søknadsfrist blir utlyst i Hallingdølen og på kommunens nettsider.

Køyring for funksjonshemma

Gjeld køyring med eigen snøscooter for varig funksjonshemma personar. Legeattest skal sendast inn ved søknad om løyve.
(Løyve vert gjeve for 3 år om gongen)

Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte

Eigar av hytte for transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg, når det i området ikkje er høve til leigekøyring. (Løyve vert gjeve for 3 år om gongen)

Køyring i utmarksnæring for fastbuande

Det må dreie seg om næring med ei viss inntektsmessig betydning. Kommunen kan eventuelt krevje framlegging av næringsoppgåve Døme på slike løyver er transport til eigne utleigehytter, og naudsynt transport i samband med næringsmessig jakt og fiske.(Løyvet vert gjeve for 3 år om gongen.)

Transport av ved

Løyve gjeld transport av ved frå eigen eigedom til anna stad enn fast bopel og transport av ved frå andres eigedom.

Gruppeturar på snødekt mark for bebuarar på helse-og omsorgsinstitusjonar, medlemmer av pensjonistlag eller forflytningshemma

Turane må vere i regi av helse- og omsorgsinstitusjonar eller ideelle organisasjonar.

Andre unnatak

Dvs. viss den som søkjer har særskild bruk for snøscootertransport som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan bli dekt på annan måte.

Område i Gol med verneforskrift

Fylgjande stad er verneområde, og har eigen verneforskrifter (lovdata.no) 

  •  Veikulåsen naturreservat
Søkjar sine rettar

Du får vurdert søknaden etter gjeldande regelverk, og får attende eit grunngjeve svar om søknaden er innvilga eller ikkje.
Dersom den ikkje vert innvilga, vil du ofte få melding om det går an å få leigd snøscootertransport.

Ved misleghald av løyver, eller dersom føresetnadane for løyvet fell bort, kan dispensasjonen dragast inn med ein gong.

Plikter ved å ha løyve
  • syte for løyve frå aktuelle grunneigarar.
  • vise løyvet fram ved kontroll. Motorkjørety til leigekøyring skal vere utstyrt med eit lett synleg tildelt merke og skal i tillegg ha løyvedokumenta med for framsyning ved ev. kontroll.
  • syte for at motorferdsel i utmark og vassdrag skal vere forsiktig og omsynsfull for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.
  • avgrense køyringa til det mest naudsynte.
Desse har leigekøyringsløyve i Gol kommune 01.01.2021 - 31.12. 2023
Hoftun og Høvreslia      
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Widar Torp 909 04 223  
Martin B Markussen 952 81 049  
       
Tretteskogane, Rekkjeset og Møne Stølslag(Golsfjellet)  
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Idar  Smøttebråten 913 83 715  
       
Hesla-Vermeli-Skutuset, Einarset, Guriset, Oset og Kamben(Golsfjellet)  
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Arne Nibstad 979 78 000  
       
Lauvset, Storla-Vermeli, Skrøyvestølan, Hjartingsstølan, Lauvsjø, Aunehauglia og Tunnetjern stølslag(Golsfjellet)
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Lars Erik  Rolid 481 36 620  
       
Nøreli stølslag      
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Olav W.Veslestølen 924 29 945/ 32 06 18 48

 

       
Nystølen, Habbeset, Smylistølan, Narveset og Snuforinkje (Skaraåsen mot Ål)
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Lars Erik  Rolid 481 36 620  
Knut Terje Haugen 905 60 025
Søknadsskjema

Søknadskjema - motorferdsel i utmark (PDF)

Kontaktperson

Miljøvernrådgjevar
Jørn Magne Forland
E-post: jorn.magne.forland@gol.kommune.no
Telefon: 32 02 90 76

Har arbeidsdagar i Hemsedal kommune kvar tysdag, og fredagar i partalsveker.