Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Miljøfyrtårn

Kva er miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er Noregs mest bruke sertifikat for bedrifter som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. I 2023 var det over 10000 sertifiserte Miljøfyrtårn verksemder.

Å vere sertifisert Miljøfyrtårn inneberer systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Bedriftene oppfyller kriteria og gjennomfører tiltak for ein meir miljøvennleg drift og eit godt arbeidsmiljø. 

Korleis bli sertifisert

Miljøsertifisering inneberer at ein bedrift gjennomfører ei miljøkartlegging og sett opp ein handlingsplan for å innfri kriteria i ein bestemt sertifiseringsordning. Når det er bekrefta at kriseria er oppfylt, vil bedrifta fåt utdelt eit miljøsertifikat. 

Meir informasjon om Miljøfyrtårn og prosessen finn du på miljofyrtarn.no

Sertifiserte bedrifter i Gol kommune

Kommunale verksemder

  • Breidokk barnehage
  • Gol kommune, kommunehuset
  • Gol skule
  • Vesterhuset barnehage

Fylkeskommunale verksemder

  • Unginvest Hallingdal

Private bedrifter

  • Fretex Miljø AS, Gol
  • Gol vidaregåande skule
  • Hallingdal klinikkområde
  • Maxbo, Gol
  • Pers Hotell
  • Riis Montasje AS, Gol
  • Skaruha.no Reklame AS
  • Sparebank 1 Hallingdal Valdres
  • Sparebank 1 Hallingdal Valdres - Gol, bankbygget
  • Storefjell Resort Hotell
  • VINN AS Hallingdal
  • Vinmonopolet, Gol
  • VVS Miljø AS
  • Øynebråten Anleggsteknikk
  • Hallingdal Næringshage
  • Turhus Maskin AS
  • Würth Gol
  • Anleggsbistand AS Gol
  • Slaatto Sag & Høvleri
  • Hallingdal Bilsenter
  • Gol Begravelsesbyrå
  • T. Engene AS
  • Oset Fjellhotell AS
  • Hønefoss Maskin, avd. Gol
  • Gol taxi
  • Bygg Team AS
  • Sletto Bygg AS
Gol kommune sitt arbeid med Miljøfyrtårn

Gol kommune har valgt å bruke Hovedkontormodellen, men er no pilotkommune for å teste ut ny sertifiseringsordning for kommunar og fylkeskommunar.

Den nye sertifiseringsmodellen har til hensikt å tilpasse sertifiseringa til kommunens behov. Miljøfyrtårn vil forenkle ordninga, samtidig som miljøeffekten vert auka.

Om Hovedkontormodellen til Miljøfyrtårn:

Hovedkontorkravet forankrar miljøstyringssystemet på hovedkontoret og i heile verksemda, og avklarar kva for prosessar og miljøkrav som vert oppfylt av hovedkontoret (eksempel kommunehuset) og ikkje av den enkelte underliggande eining (eksempel barnehage).

Hovedhensikta med denne modellen er å få eit kvalitativt best mogeleg utbytte av Miljøfyrtårn i heile verksemda. Ca 45 % av alle krava til einingane vil verte dekka av hovedkontoret.

Dette vil gje effektiviseringsgevinstar i form av:

  • Sterkare forankring av miljøstyringssystemet i organisasjonen.
  • Konkret og forenkla innføringsprosess for underliggande einingar
  • Mindre variasjon i skjønn og sømløs gjennomføring av sertifiseringsprosessane
  • Enklare og meir rasjonelle sertifiseringar
  • Mogelegheit for å implementere ein tilpassa modell for resertifiseringer med interne og eksterne revisjonar
  • Besparelsar og rabattar

Dette gjer me for å løfte og sette fokus på miljøledelse:

Nasjonalt fokus på miljøledelse

I Stortingsmelding nr 21 (Norsk klimapolitikk) vert det satt fokus på miljøleiing i kommunane: Kommunene kan innføre tredjepartsertifiserte miljøledelsessystemer som

Miljøfyrtårn og ISO 14001 eller et enkelt system for miljøledelse hvor innkjøp, energi, transport og avfall er prioriterte områder.

Innføring av miljøledelsessystemer i kommunale virksomheter er et godt tiltak for å kunne arbeide systematisk for å redusere klimagassutslippene fra innkjøp og driften og gir ledelsen et godt verktøy for å følge opp miljøarbeidet.

Kommunene kan gjennom sin rolle som rådgiver, foregangsmodell og pådriver påvirke befolkningen og lokalt næringsliv, og deres forbruk og atferd.»

Per no er Kommunehuset, Helsestasjonen, Gol Skule, Vesterhuset barnehage og Breidokk barnehage kommunale verksemder som har Miljøfyrtårngodkjenning.

Resterande einingar skal også verte sertifisert.

Kontaktperson i Gol kommune

Miljøvernrådgjevar

Jørn Magne Forland
Telefon: 32 02 90 76
E-post: jorn.magne.forland@gol.kommune.no

Arbeidsdagar: Måndag, onsdag, torsdag og annankvar fredag