Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Landbrukseigedom

Deling av landbrukseigedom

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå kommunen.
Føremålet med jordlovas §12 (lovdata.no) er å sikre at driftseininga sitt ressursgrunnlag ikkje vert redusert.

Den som har heimel til ein eigedom kan søkje om frådeling og omdisponering. Ein søknad om frådeling etter jordlova skal behandles etter § 12. I ein del tilfelle skal søknaden også behandlast etter Plan- og bygningslova, eks der man søkjer frådeling til bustadformål ol.

Disse søknadene er da dispensasjonssøknader etter Plan- og bygningslova. Det er viktig at søknadene vert grunngjeve.
Det er kommunen som avgjør søknaden.

Nokon søknader må til Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Fylkeskommunen og Statens vegvesen på høyring.

Grunngjeven søknad om deling vedlagt nabovarsel skjema og kartutsnitt skal sendast avdeling for landbruk og miljø i kommunen. Søknaden må innehalde ei nærare omtale av eigedomen, bakgrunnen for søknaden om frådeling og kart som viser plasseringa av arealet det blir søkt om frådeling av.

Kartutsnitt som viser omsøkt frådelt areal kan ein finne på se eiendom (seeiendom.no).

Kartutsnitt kan ein også få ved henvendelse til tenestetorget i kommunen.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om deling av landbrukseigedomar i Gol.

Informasjon om omdisponering (landbruksdirektoratet.no)
Informasjon om deling (landbruksdirektoratet.no)

Gebyr for delingssaker etter jordlova - Fastsett ved forskrift frå departementet
Beløp pr. sak kr 2000,-

Driveplikt

Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Den globale utfordringa knytt opp mot matsikkerheit, klima og befolkningsauke gjer det stadig viktigare å styrke virkemidlar som kan bidra til matproduksjon.

Dyrka og dyrkbar jord er ein begrensa ressurs, og også ein viktig del av kulturlandskapet.
Eigaren av jordbruksareal har eit viktig forvaltaransvar i denne samanhengen.
Driveplikta skal sikre matproduserande areal på ein slik måte at dyrka/overflatedyrka mark og innmarksbeite vert halde i god stand samstundes som ein tek vare på kulturlandskapet.

Det er ikkje krav om lønsam drift, eller at drifta skal vera optimal. Den aktuelle drifta kan imidlertid ikkje vera slik at produksjonseigenskapane vert forringa over tid. Produksjon av blomar eller hestehald vert ansett som tilstrekkeleg for at driveplikta er oppfylt.

Driveplikta kan oppfyllast ved at eigar driv jorda sjølv eller ved at det vert inngått leigeavtale med andre om drift av areala.

Inngåtte leigeavtaler skal sendast kommunen.Kommunen skal føre tilsyn med at driveplikta vert oppfylt, og kan gi pålegg om bortleige av jord eller leige bort jord.

Driveplikta er fastlagt i jordlova § 8 (lovdata.no)

Konsesjon og buplikt

Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom.Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket, jamfør konsesjonslova §1.

Nokre eigedomar krev søknad om konsesjon. Dette gjeld også eigerett og annan liknande bruksrett over fast eigedom med avtaletid over 10 år. Eigedom som er bebygd, ikkje over 100 dekar der ikkje meir enn 35 dekar av arealet er fulldyrka er ikkje konsesjonspliktig.

Det er fleire andre unntak frå konsesjonsplikta også, bla ved slektskap og odelsrett. Ta kontakt med kommunen om du er usikker på om ervervet er konsesjonspliktig.Det er i hovudsak konsesjonslova som styrer buplikta i landbruket. Personleg buplikt oppstår ved erverv av landbrukseigedom innan slekt, og gjeld bebygd eigedom der fulldyrka og / eller overflatedyrka jord er meir enn 35 daa, eller eigedomen har meir enn 500 daa produktiv skog.

Oppfylling av den lovbestemte buplikta er ein føresetnad for at nokon med odelsrett eller i nær slekt kan erverve landbrukseigedom av ein slik storleik konsesjonsfritt. Det oppstår lovbestemt buplikt på bebygd eigedom som fyller krava til odlingsjord når den nye eigaren har overtatt eigedomen frå nær familie eller har odel til den.

Ervervar har eit års tilflyttingsfrist etter at eigedomen er overteke. Om man ikke kan eller vil tilflytte eiendommen innen dette året må ny eier søke konsesjon.

Boplikta er personlig og varer nå i 5 år.
Buplikt kan og oppstå som eit vilkår for konsesjon.

Null- konsesjon i Gol kommune

I Gol kommune, som har innført 0-konsesjon etter §7 i konsesjonslova, vil buplikta gjelde alle eigedomar opp til 100 daa totalareal som er eller har vore i bruk som heilårsbustad. I slike tilfelle kan buplikta oppfyllast ved bortleige.

Eigenerklæringsskjema kan nyttast ved slike overdragingar når ervervaren på eigenerklæringsskjema forpliktar seg til at eigedomen skal nyttast som heilårsbustad enten av seg sjølv eller andre.

Buplikta er oppfylt når eigaren er registrert busett på eigedomen etter reglar fastsett i eller i medhold av lov 16. januar 1970 nr 1. om folkeregistrering.
Treng du informasjon om konsesjon eller buplikt så kan du ta kontakt med avdeling for landbruk og miljø, eller ved å gå inn på Landbruksdirektoratet sine heimesider - ordningar for eigedom.

Gebyr for behandling av konsesjonssøknad:
Beløp pr. sak kr 5000,-

Kva er gardskart

Gardskart er eit kart som viser arealressursar og arealtal for ein enkelt landbrukseigedom. Alt areal for ein landbrukseigedom på same eigarhand innanfor ein kommune vil vere med på gardskartet. Kartet er elektronisk tilgjengeleg på nettsidene til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Du kan søkje på alle gards- og bruksnummer i heile Norge.

Søkesida kan du gå direkte til her (gardskart.nibio.no)

I Gol kommune vart arealopplysningane gjennomgått og ajourført i gardskartprosessen som vart ferdigstilt i 2013. Areal blir løpande ajourhalde av kommunen. Dersom du oppdagar feil på markslag, eigedomsgrenser eller andre feil på karta ta kontakt med kommunen.

Meir informasjon om gardskart finn du på NIBIO.no sine internettsider om gardskart.

Kontaktinformasjon

Landbrukskonsulent
Tove Solheim
Telefon: 32 02 90 75
E-post: tove.solheim@gol.kommune.no

Arbeidstid: Måndag, tysdag og onsdag